Small Craft on a Milk Sea er eit album frå 2010 av den britiske musikaren og plateprodusenten Brian Eno. Albumet kom ut 19. oktober 2010, først i Japan og månaden etter i USA og Storbritannia. Albumet vart spelt inn i lag med samarbeidspartnarane Jon Hopkins og Leo Abrahams i 2009 og 2010 og vart gjeve ut i mange format.
Musikken for albumet var hovudsakleg improvisert og inspirert av lydane frå filmmusikkalbum.. Somme av songane vart komponerte ved å velje tilfeldige akkordar for visse intervall med improviserte elektroniske parti på toppen av melodien, og så klipt saman til ein skikkeleg song.
Innhald
Medverkande Leo Abrahams – gitar, laptop og gitaret Brian Eno – datamaskinar, elektronikk Jon Hopkins – piano, tangentinstrument, elektronikk
Andre medverkande Jez Wiles - perkusjon på «Flint March», «Horse», «2 Forms of Anger» og «Dust Shuffle»
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Small Craft on a Milk Sea» frå , den 26. april 2011. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Small Craft on a Milk Sea frå Warp Records
Kategori:Musikkalbum frå 2010 Kategori:album produserte av Brian Eno Kategori:Brian Eno-album Kategori:John Hopkins-album