«I Pity the Fool» er ein song opphavleg gjeven ut av Bobby Bland i 1961 for Duke Records. Songen var tilskriven Deadric Malone, eit psevdonym for eigaren av Duke Records, Don Robey.[ Deadric Malone Biography on All Music] David Bowie spelte songen under namnet The Manish Boys i 1965, og denne vart gjeven ut som den andre singelen hans.
Bobby Bland-versjonen Innspelinga vart gjort i Houston i 1060, truleg med Joe Scott og Melvin Jackson på trompetar, Pluma Davis på trombone, Robert Skinner og L.A. Hill på tenorsaksofon, Rayfield Devers på barytonsaksofon, Teddy Raynolds på piano, Wayne Bennett på gitar, Hamp Simmons på bass, John «Jabo» Starks på trommer og ein ukjende på fløyte, korvokal og strykarar.Liner notes to "Bobby Bland / I Pity the Fool - The Duke Recordings, Vol. One (MCA)"Blues Records 1943-1970, Vol. 1 A to K, Mike Leadbitter & Neil Slaven (Record Information Services)
Bland var på denne tida på eit høgdepunkt i karrieren og hadde fem songar på rad inne på R&B-lista i USA. Songen «I Pity the Fool» vart ein av dei største hittane hans med førsteplass på R&B-lista og ein 48. plass på pop-lista.[ Bobby "Blue" Bland - Charts & Awards: Billboard Singles]
The Manish Boys (med David Bowie)-versjonen
Utgåva til The Manish Boys (på den tida med David Bowie) kom ut i 1965. Innspelinga var produsert av Shel Talmy, som òg produserte dei tidlege singlane og albuma til The Who og The Kinks. Jimmy Page var den faste studiomusikaren til Talmy og spelte gitarsoloen på «I Pity the Fool».
Under desse innspelingane gav Page eit gitarriff til Bowie, som han først ikkje visste kva han skulle gjere med. Bowie nytta seinare riffet i to forskjellige songar, først på «The Supermen» frå 1971 og seinare på «Dead Man Walking» i 1997.
B-sida, «Take My Tip», var den første songen skriven av David Bowie som vart gjeven ut på plate.David Buckley (1999), Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story, s. 29
Medverkande David Jones: Vokal, Alt sax Johny Flux: sologitar Jimmy Page: Gitarsolo John Watson: Bass Mick White (Micheal Whitehead): Trommer Bob Solly: orgel Wilf Byrne: Barytonsaksofon og munnspel Paul Rodriguez: Tenorsaksofon og trompet
Andre utgjevingar Begge sidene av singelen vart gjeven ut att på ny av EMI i Storbritannia i mars 1979 som eine sida av ein EP. På B-sida av EPen var songane «You've Got a Habit of Leaving» og «Baby Loves That Way». Denne versjonen vart igjen gjeven ut av See For Miles Records i Storbritannia i oktober 1982, og som ein 12"-biletdisk i juni 1985. Han finst òg på samleplata Early On (1964-1966) frå 1991. Både «I Pity the Fool» og «Take My Tip» finst med alternative vokalopptak som bonusspor på somme utgåver av Early On.
Andre versjonar The Paul Butterfield Blues Band på albumet The Resurrection of Pigboy Crabshaw (1967). Cyndi Lauper song songen på konsert i 1993 på The Jack Dee Show. Robert Cray spelte songen i samband med «Martin Scorsese Presents The Blues» i 2003.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «I Pity the Fool» frå , den 27. april 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1960 Kategori:Singlar frå 1961 Kategori:Bobby Bland-songar Kategori:Singlar frå 1965 Kategori:Bluessongar Kategori:David Bowie-songar Kategori:Songar produserte av Shel Talmy Kategori:Cyndi Lauper-songar Kategori:Songar skrivne av Don Robey Kategori:Duke Records-singlar Kategori:Paul Butterfield-songar