Anthony Edward «Tony» Visconti () er ein amerikansk plateprodusent og stundom musikar eller songar.
Sidan seint i 1960-åra har han arbeidd med mange artistar, men han har aldri arbeidd med nokon over så lang tid som David Bowie. I periodar har han arbeidd med Bowie sidan Space Oddity i 1969 til Reality i 2003, og har produser mange av albuma til Bowie og stundom spelt på dei.
Personleg liv Visconti vart fødd i Brooklyn i New York, og faren, som var musikkinteressert, lærte Visconti å spele ukulele då han var fem år gammal. Han gjekk på New Utrecht High School. Gjennom tenåra spelte Visconti i eit klassisk brassband (der han spelte tuba) og eit tradisjonelt orkester (på kontrabass), samt i rock 'n' roll-orientert gitar, som gav han verdifull erfaring han nytta seg av seinare. Då han var 15 år fokuserte han på å spele i lokale band i Brooklyn.
I løpet av dei neste få åra spelte han i fleire softrock- og lounge-band, der han spelte både bass og elektrisk gitar. Med den dåverande kona Siegrid, prøvde han ein karriere som popduoen Tony and Siegrid. Under dette namnet gav dei ut singelen «Long Hair», som vart ein liten hit i New York City seint i 1966, og nådde 33. plass på den lokale Topp 40-stasjonen WMCA. Dette var det næraste dei kom suksess og det vart ikkje gjeven ut andre singlar.
Etter det mislukka forsøket på å bli ein populær popsongar, vart Visconti så produsent for den dåverande distributøren sin the Richmond Organization.
Visconti vart gift med Mary Hopkin, som gav han to born, Morgan og Jessica; og seinare til May Pang, som gav han to born til, Sebastian og Lara.
Produksjon Visconti møtte den britiske produsenten Denny Cordell i 1968, medan han arbeidde for Richmond som produsent. Cordell bad han om å assistere han på innspelingane til den suksessrike jazzvokalisten Georgie Fame. Visconti flytta til London og vart verande der.
Ein av dei første produksjonane han gjorde i England var for den walisiske gruppa The Iveys (seinare kjend som Badfinger). Han produserte fleire spor for den første LPen deira, Maybe Tomorrow, gjevne ut på The Beatles sitt Apple-selskap. Tittelsporet på albumet vart gjeven ut som singel og nådde 67. plass på Billboard Top 100 i 1968. Fleire tidlege produksjonsarbeid var albumet Prophets, Seers & Sages - The Angels of the Ages for det britiske bandet Tyrannosaurus Rex (seinare T.Rex) som var viktig for den vidare påverkande karrieren hans. Det var starten på eit samarbeid med T. Rex som skulle vare dei neste sju albuma. Ein av dei største suksessane til Visconti var Electric Warrior, albumet som gjorde frontmannen i T.Rex, Marc Bolan, til superstjerne og gjorde Visconti til ein ettertrakta produsent. Kort tid etter byrja Visconti og arbeide med David Bowie og i lag med gitarist Mick Ronson og trommeslagar John Cambridge, danna og turnerte dei med bandet Hype der han spelte bass. Sjølv om bandnamnet berre var kortvarig, varte besetninga og spelte inn albumet og singelen The Man Who Sold the World i 1970. Han arbeidde vidare med albuma Diamond Dogs (1974), Young Americans (1975), Low (1977), Heroes (1977), Lodger (1979) og Scary Monsters (and Super Creeps) (1980) for David Bowie.
I 1983 produserte Visconti Stage, det første av fire album for den britiske musikalstjerna Elaine Paige. Dette vart følgd opp med Cinema (1984), Love Hurts (1985) og Christmas (1986).
Visconti produsere album for the Moody Blues, The Other Side of Life (1986), og Sur La Mer (1988). I 1987 lagde Visconti, i lag med vokalisten i Moody Blues, Justin Hayward, musikk for BBC2-serien Star Cops.
Mot slutten av 1980-åra arbeidde Visconti lite med kjende artistar, men arbeidde mykje med nydanna band. I 1990 prpoduserte han og skreiv arrangement for New York-bandet Electric Angels. Han produserte fleire songar på Moody Blues sitt Keys of the Kingdom \(1991), Luscious Jackson sitt Electric Honey, Leisure Noise av Gay Dad, Soul Caddy for Cherry Poppin' Daddies, Dawn of Ananda for Annie Haslam og Moonchild for Debbie Gibson. I 1997 produserte Visconti debutalbumet til det tidlegare Stone Roses-medlemmet John Squire sitt nye band, The Seahorses. Albumet Do It Yourself oppnådde moderat suksess. I 2000-åra arbeidde Visconti igjen med David Bowie, og produserte albuma Heathen i 2002 og Reality i 2003.
Han produserte og spelte bass på eit par songar på The Dandy Warhols-albumet Welcome to the Monkey House i 2003. I 2003 slo han seg saman med Finn Brothers (Neil og Tim frå Crowded House og Split Enz) og spelte inn og produserte det andre albumet deira, som kom ut i 2004. Av ukjende årsaker spelte brørne inn heile albumet på ny og Tony er berre tilskriven for strykearrangementet. I 2004 produserte han tre songar for Manic Street Preachers-albumet Lifeblood. I 2005 samarbeidde han med det danske bandet Kashmir på det femte albumet deira No Balance Palace, der David Bowie medverka på ein song. Han har òg samarbeid som medlåtskrivar og produsent for albumprosjekt av Richard Barone. Han har arbeidd i Roma i 2006 for Morrissey-albumet Ringleader of the Tormentors. Sjølvbiografien hans, Bowie, Bolan and The Brooklyn Boy, som kom ut i februar 2007 på Harper Collins UK.
I 2007 og 2008 var Visconti særs aktiv i studio med Benin-songaren Angélique Kidjo, og produserte det Grammy-vinnande albumet hennar Djin Djin (Razor & Tie). Av gjesteartistar fann ein Alicia Keys, Peter Gabriel, Joss Stone, Josh Groban og Carlos Santana. Han produerte òg to album i Saint Claire Recording Studio i Lexington i Kentucky: The Bright Lights of America (RCA) av punkbandet Anti-Flag og eit album av Alejandro Escovedo kalla Real Animal (Manhattan Records) som kom ut i juni 2008. Han har delvis produsert albumet til Raphael i Paris som nådde toppen i Frankrike. Han produserte i 2009 Kristeen Young-albumet Music for Strippers, Hookers, and the Odd On-Looker, som kom ut tidleg i 2009. Han har produsert to songar for den britiske gruppa Razorlight for albumet deira Slipway Fires som kom ut seint i 2008. Han har skriven og dirigert strykarane for Fall Out Boy-albumet Folie à Deux. Han har prodsuert eit album for den australske songaren Danielle Spencer i 2009. I 2010 kom Richard Barone sitt Glow it med fem songar skriven av Barone og Visconti.
Diskografi Produksjon 1968: My People Were Fair and Had Sky in Their Hair... But Now They're Content to Wear Stars on Their Brows - Tyrannosaurus Rex, 1968: Prophets, Seers & Sages - The Angels of the Ages - Tyrannosaurus Rex 1969: Battersea Power Station - Junior's Eyes 1969: Maybe Tomorrow - The Iveys 1969: Space Oddity - David Bowie 1969: Unicorn - Tyrannosaurus Rex 1970: A Beard of Stars - Tyrannosaurus Rex 1970: Dragonfly - The Strawbs 1970: Gentle Giant - Gentle Giant 1970: Magic Christian Music - Badfinger 1970: The Man Who Sold the World - David Bowie 1970: Seasons - Magna Carta 1970: T.Rex - T.Rex 1971: Acquiring the Taste - Gentle Giant 1971: Earth Song, Ocean Song - Mary Hopkin 1971: Electric Warrior - T.Rex 1971: The Best of T.Rex - Tyrannosaurus Rex 1971: Osibisa - Osibisa 1971: Woyaya - Osibisa 1972: Bolan Boogie - T.Rex 1972: The Slider - T.Rex 1972: Peace Will Come - Tom Paxton 1972: Grave New World - The Strawbs 1973: Band On The Run - Paul McCartney og Wings 1973: Tanx - T.Rex 1974: David Live - David Bowie 1974: Zinc Alloy and the Hidden Riders of Tomorrow - T.Rex 1975: Young Americans - David Bowie 1975: Indiscreet - Sparks 1977: The Idiot - Iggy Pop 1977: Bad Reputation - Thin Lizzy 1977: Low - David Bowie 1978: Stage - David Bowie 1978: Marc - Words & Music - T.Rex 1978: Live and Dangerous - Thin Lizzy 1977: Heroes - David Bowie 1979: Black Rose - Thin Lizzy 1979: Lodger - David Bowie 1979: Rhapsodies - Rick Wakeman 1979 Ghostown - The Radiators From Space 1980: Breaking Glass - Hazel O'Connor 1980: Scary Monsters (and Supercreeps) - David Bowie 1981: Mondo Bongo - Boomtown Rats 1981: In Concert - (1971/72 recordings) - T.Rex 1982: V Deep - Boomtown Rats 1983: Stage - Elaine Paige 1983: Trick of the Light - Modern Romance 1983: Bite - Altered Images 1984: Cinema - Elaine Paige 1985: Vive Le Rock - Adam Ant 1985: Love Hurts - Elaine Paige 1985: Burn It! - Modern Romance 1986: Christmas - Elaine Paige 1986: The No Comprendo - Les Rita Mitsouko 1988: Marc & Robert - Les Rita Mitsouko 1990: Elektrisk Angels - Electric Angels 1993: Elle et Louis - Louis Bertignac 1997: Do It Yourself - The Seahorses 2001: The Gunman and Other Stories - Prefab Sprout 2002: Heathen - David Bowie 2003: Reality - David Bowie 2003: Breasticles - Kristeen Young 2004: Beyond Elysian Fields - Hugh Cornwell 2004: Lifeblood - Manic Street Preachers 2004: X - Kristeen Young 2005: No Balance Palace - Kashmir 2006: Ringleader of the Tormentors - Morrissey 2006: The Orphans - Kristeen Young 2008: The Bright Lights of America - Anti-Flag 2008: Real Animal - Alejandro Escovedo 2009: Music for Strippers, Hookers, and the Odd On-Looker - Kristeen Young 2010: Street Songs of Love - Alejandro Escovedo 2010: You Love You - Semi Precious Weapons 2010: Glow - Richard Barone 2010: Calling All Magicians - Danielle Spencer
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tony Visconti» frå , den 28. april 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:USA-amerikanske plateprodusentar Kategori:Musikarar frå New York City Kategori:David Bowie