Aase Nordmo Løvberg () var ein norsk operasongar. I ei årrekke song ho med Jussi Björling ved Kungliga Operan i Stockholm. Ho song under namngjetne dirigentar som Herbert von Karajan og sir Georg Solti.

Nordmo Løvberg debuterte i Oslo i 1948. I perioden 1952 til 1970 budde ho i Stockholm, avbrote av nokre opphald ved Wiens Statsopera og Metropolitan Opera i New York.

Av utdrag frå den norske yrkeskarrieren, kan ein nemne at ho vart lektor ved Musikkonservatoriet i Oslo 1970. Ho vart vidare professor ved Norges musikkhøgskole i perioden 1973–90 og var sjef ved Den Norske Opera frå 1978–81.

Ho var gift med Børt-Erik Thoresen (død 2011) og budde på Lillehammer siste delen av livet.

Utmerkingar

Løvberg vart tildelt Petter Dass-medaljen i 1978 «for å vera nordnorsk songstjerne.» Aase Nordmo Løvberg vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden 1957 og til kommandør i 1981. Løvberg vann Lindemanprisen i 1990. Etter å ha avslutta yrkeskarrieren, fekk ho Gammleng-prisen i klassa veteran i 2000.

Referansar

Bakgrunnsstoff Biografi (NRK Klassisk)

Kategori:Norske operasongarar Kategori:Sopranar Kategori:Norske musikkprofessorar Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Folk frå Målselv Kategori:Folk tilknytte Den Norske Opera & Ballett