«Panic in Detroit» er ein song skriven av David Bowie for albumet Aladdin Sane i 1973. Bowie baserte songen på venen Iggy Pop sine skildringar av opprørske personar han hadde kjend som ungdom i Michigan.Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.160 Han er òg tolka som å vere skriven om Detroit-opprøra i 1967.[ AllMusic.com - Panic In Detroit] Rolling Stone kalla songen ein paranoid etterkomar av Motor City sitt tidlegare meisterverk, Martha and the Vandellas sin «Nowhere to Run».
Musikalsk har «Panic in Detroit» vorte skildra som «Salsa-varianten av Bo Diddley-rytmen»,Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.54 og nyttar congatrommer og kvinneleg korvokal. Teksten nemner Che Guevara og vert òg sagt å innehalde referansar til John Sinclair frå White Panther Party.
Bowie spelte songen på turnear i 1973, 1974, 1976, 1990, 1997 og 2003-4.
I 2003 rangerte Rolling Stone ei lista over dei 100 største gitaristane gjennom tidene. Mick Ronson vart rangert på 64. plass og «Panic in Detroit» som den «essensielle innspelinga» hans.
Musikk og tekst
«Panic In Detroit» er ein revolusjonær som «likna på Che Guevara». Dette var før dei hippe Che Guevara-t-skjortene vart populære. Den gamle gruppa hans, National People’s Gang var blitt utsletta, så i staden skriv han autografar, leiar eit par opprør og til slutt skyt seg sjølv, men let songaren få ein siste autograf. Teksten var delvis inspirert av forteljingane til Iggy Pop om Detroit-opprøra i 1967. «Panic In Detroit» er òg eit bilete av det Amerika han møtte for første gongen då han var på den første turneen sin her seint i 1972.
Mick Ronson og korsongarane Linda Lewis og Juanita «Honey» Franklin står bak mykje av krafta og drivet i «Panic in Detroit»
Songen vart visstnok skriven i Detroit då the Spiders var der første gongen, den 8. oktober 1972. Songen var ferdig innspelt 24. januar 1973. Songen vart sjeldan spelt under Ziggy Stardust-konsertane, men var fast under 1974-turneen, og eit konsertopptak vart gjeven ut som B-sida til singelen «Knock on Wood» i 1974.
Bowie spelte inn songen på ny av Tony Visconti, Zaine Griff og Andy Duncan i desember 1979 for Kenny Everett’s New Year’s Eve Show, men den nye versjonen deira av «Space Oddity» erstatta han i showet.
Medverkande David Bowie – vokal, akustisk gitar Mick Ronson – elektrisk gitar Trevor Bolder – bassgitar Woody Woodmansey – trommer Aynsley Dunbar – perkusjon Linda Lewis – korvokal Warren Peace – korvokal
Konsertversjonar Eit konsertopptak frå 14. juli 1974 vart gjeven ut som B-sida til singelen «Knock on Wood» i 1974. Den same versjonen vart òg gjeven ut som B-side til den amerikanske singelen «Rock 'n' Roll With Me» i 1974, på samlealbumet Rare i 1983, og til slutt på nyutgåva av David Live i 2005. Eit konsertopptak frå 23. mars 1976 vart gjeve ut på Live Nassau Coliseum '76, som følgde 2010-utgåva Station to Station.
Andre utgjevingar Han vart gjeven ut som B-side til den japanske utgåva av singelen «Time» i april 1973. Han vart gjeven ut som biletdisk i begge RCA-setta Life Time og Fashion Picture Disc Set. Han finst på Sound and Vision-boksen (1989). Ein ny versjon spelt inn i 1979 vart gjeven ut som bonusspor på Rykodisc-utgåva av Scary Monsters (and Super Creeps) i 1992. Den same versjonen vart òg gjeven ut på bonusplata som følgde Heathen Limited Edition."Panic in Detroit" at the Illustrated db Discography
Andre versjonar Christian Death - The Rage of Angels (1994), Death in Detroit EP (1995), Goth Oddity - A Tribute to David Bowie (1999) og Starman: Rare and Exclusive Versions of 18 Classic David Bowie Songs Shadow Project - In Tuned Out Live 93 (1994) The Aries Parallel - Diamond Gods: Interpretations of Bowie (2001) The Joe Harvard Band - Hero: The Main Man Records Tribute to David Bowie (2007)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Panic in Detroit» frå , den 3. mai 2011. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:David Bowie-songar Kategori:Songar frå 1973 Kategori:Songar om Detroit Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Songar produserte av Ken Scott Kategori:Songar produserte av David Bowie