Matteusprinsippet, også kalla Matteuseffekten, er ei nemning på ulike fenomen der eit system gagnar ein tidlegare favorisert part.
I Matteusevangeliet 25,29 står det: «For den som har, han skal få, og det i overflod. Men den som ikkje har, skal bli fråteken jamvel det han har.» Sitatet er frå likninga om talenta, Matteus 25,14-30.bibel.no
Eit liknande sitat finn ein også i det apokryfe skriftet Thomasevangeliet.dromsmia.no
Døme Barn som les betre enn sine jamnaldringar, les meir, og vert endå betre til å lese. Dei beste idrettsutøvarane i ein klubb blir tatt ut til fleire konkurransar og får meir erfaring og blir endå betre i sporten sin. Populære politiske parti og organisasjonar får stor merksemd i massemedia og blir endå meir populære på dei andres kostnad. Ein medarbeidar med eit godt rykte får større del av æra frå eit prosjekt og får endå betre rykte. Personar og institusjonar med større formuar kan ta større risiko i sine investeringar og slik få endå større formue.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Matteuseffekten» frå , den 6. mai 2011.
Kategori:Det nye testamentet Kategori:Sosiologi