«Fashion» er ein song av den engelske musikaren David Bowie, utgjeve i 1980 på albumet hans Scary Monsters (And Super Creeps). Han vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet og kom i lag med ein høgt akta musikkvideo.Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.113-114Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.75-76

Singelen vart rangert som den åttande beste i 1980 av magasinet NME.

Musikk og tekst I følgje medprodusent Tony Visconti var «Fashion» den siste songen som vart gjort ferdig for Scary Monsters. Basslinja og noko av melodien er inspirert av hitten til Bowie frå 1975, «Golden Years». Gjestegitarist Robert Fripp medverka med ei rekkje skurrande, mekaniske riff som utfylte funk/reggae-arrangementet til bandet.

Songen er kjend for den kjenslemessige tomme koreffekten, og onomatopoietikonet «beep beep», som kjem att fleire gonger. Bowie hadde først nytta dette i songen «Rupert the Riley» frå 1970, som aldri er vorte gjeven ut.David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.372-374 Eit anna uttrykk i teksten lånt frå ein tidlegare tekst av Bowie var «People from Bad Homes», som var tittelsporet på eit album frå 1973 som han produserte for The Astronettes. Dette kom først ut i 1995.David Buckley (1999). Ibid: s.207

Referansar til ein «goon squad» som kjem til byen gav teoriar om at songen eigentleg omhandla fascisme. Bowie sa dette var feil i eit intervju som kom ut kort tid før Scary Monsters, og sa at han prøvde «dra det litt vidare frå Ray Davies-konseptet om mote, og føreslo ein viljefastleik med gnissande tenner og ein utryggleik om kvifor ein gjer det».Angus MacKinnon (1980). «The Future Isn't What It Used to Be». NME (13. september 1980): p.37 Biografen David Buckley meinte songen «gjer narr av banaliteten på dansegolvet og stil-fascistane» i New Romantic-rørsla.

Musikkvideo

David Mallet laga ein musikkvideo for «Fashion» i nattklubben HURRAH, eigd av venen Robert Boykin. Den fasettert spegelveggen kring dansegolvet er synleg i bakgrunnen, og alle i bandet er filma i denne klubben. Andre stader kring Manhattan er klipt inn i videoen. I ein scene kan ein sjå Bowie som spelar føre ei gruppe kjenslelause tilhengjarar som etterliknar alle rørsle hans som ein robot. Etter ei rekkje ansiktsgrimasar, gjer Bowie det same han hadde gjort i videoen til «Ashes to Ashes»: han bøyer seg sakte ned og fører armen til bakken i ein langsam vertikal boge. Lesarane av Record Mirror kåra «Fashion» og «Ashes to Ashes» til dei beste musikkvideoane i 1980.

I videoen kan ein sjå Carlos Alomar, G.E. Smith (Hall & Oates), May Pang (som var kjærasten til John Lennon frå 1973–1975 og som seinare gifta seg med Tony Visconti) og Alan Hunter, som vart ein av dei første programvertane på MTV.

Utgjeving og mottaking «Fashion» var den andre singelen frå Scary Monsters og den første som kom ut etter albumet kom ut i september 1980. Den redigerte singelversjonen nådde femteplassen i Storbritannia og 70. plassen i USA. I Noreg nådde singelen niandeplass. Det britiske singelomslaget var ein variant av plateomslaget til platesamlinga Best of Bowie frå 1980.

Songen vart rangert på topp ti-lista til NME over dei beste songane frå 1980.

Songen vart nytta i filmen Clueless. Under avslutningsseremonien til sommar-OL 2012 i London vart «Fashion» nytta under ein hyllest til britisk moteindustri.

Konsertversjonar Bowie framførte songen på dei fleste turenane sine etter 1980, inkludert Serious Moonlight-turneen (1983), Glass Spider-turneen (1987), Sound+Vision-turneen (1990), Earthling-turneen (1997), Heathen-turneen (2002) og Reality-turneen (2003-2004). Songen kom ut på to konsertvideoar: Serious Moonlight (1983) og Glass Spider (1988).

Innhald Alle songane skrivne av David Bowie. «Fashion» – 3:23 «Scream Like a Baby» – 3:35

Medverkande Produsentar: Tony Visconti David Bowie Musikarar: David Bowie – solovokal, klaverinstrument Robert Fripp – gitar Carlos Alomar – gitar George Murray – bassgitar Dennis Davis – trommer Andy Clark – synthesizer

Andre utgjevingar Songen finst på følgjande samlealbum: Changestwobowie (singelversjon) (1981) Golden Years (1983) Fame and Fashion (1984) ChangesBowie (1990) - albumversjonen The Singles Collection (1993) (albumversjonen) Best of Bowie (2002) - singelutgåve The Best of David Bowie 1980/1987 (2007) – singelutgåve Nothing Has Changed (3-CD & 2-CD-utgåvene) (2014) – feilaktig redigert «singelversjon» Bowie Legacy (2-CD-versjon) (2016) – singelutgåve Singelutgåva av songen var med på Re:Call 3, ein del av plateboksen A New Career in a New Town (1977–1982) (2017).

Salslister

Liste (1980–1981)PlasseringAustralia (Kent Music Report)27Irish Singles Chart 4th result of the 1st page when searching «Fashion»11Sør-Afrika8UK (Official Charts Company)5U.S. Billboard Hot 10070

Andre versjonar Frank Black - Konsertopptak med Bowie i januar 1997 Dandy Warhols - Sampla songen i «I Am a Scientist» på albumet Welcome to the Monkey House Die Lady Di - Ashes to Ashes: A Tribute to David Bowie (1998) Glamma Kid - Singel som «Fashion '98» (1998) High Blue Star - .2 Contamination: A Tribute to David Bowie (2006) Botox - BowieMania: Mania, une collection obsessionelle de Beatrice Ardisson (2007) The Sunburst Band - Moving with the Shakers (2008) Afghan Raiders - We Were So Turned On: A Tribute to David Bowie (2010) Grum - Heartbeats (2010) Bratz - på albumet Forever Diamondz (2006) Glee - i ein musikkvideo for Vogue (2011) Trent Reznor, Mariqueen Maandig og Atticus Ross framførte songen som ein del av hyllestkonserten til Mike Garson for Bowie kalla A Bowie Celebration: Just For One Day (2021)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Fashion (David Bowie song)» frå , den 9. mai 2011. oppgav desse kjeldene: Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000, ISBN 1-903111-14-5

Bakgrunnsstoff

Kategori:David Bowie-songar Kategori:Singlar frå 1980 Kategori:Funk-songar Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Songar produserte av David Bowie Kategori:Songar produserte av Tony Visconti Kategori:RCA Records-singlar Kategori:Songar frå 1980 Kategori:Musikkvideoar regisserte av David Mallet Kategori:Songar om klede og mote