«Under Pressure» er ein song frå 1981 spelt inn av Queen og David Bowie. Det markerte første gong Bowie gav ut ei plate i lag med ein annan artist og vart òg gjeven ut på Queen-albumet Hot Space i 1982. Songen nådde førsteplassen på den britiske singellista. Songen vart kåra til den 31. beste songen frå 1980-åra av VH1.Rock On The Net: VH1: 100 Greatest Songs of the 80's"
Det var den siste førsteplassen til Queen i Storbritannia før «Innuendo» nesten ti år seinare.
Produksjon Queen hadde arbeidd på ein song kalla «Feel Like», men var ikkje heilt nøgd med resultatet enno.Queen - Feel Like demo (pre-Under Pressure) Henta 10. mai 2011 Bowie hadde opphavleg kome til Mountain Studios for å synge korvokal på ein annan Queen-song, «Cool Cat», som til slutt vart redigert bort fordi han ikkje var nøgd med opptaket. Då han kom fram byrja dei å arbeide i lag og skreiv songen saman.Peter Freestone (2001) Freddie Mercury: an intimate memoir by the man who knew him best s.78. Omnibus Press. Henta 10. mai 2011 Den endelege versjonen som vart «Under Pressure» utvikla seg frå ein jam bandet hadde med Bowie i studioet hans i Montreux i Sveits og er derfor tilskriven alle fem musikarane. Scat-synginga som dominerer mykje av songen kjem av improvisasjonane som vart gjort under jamminga. I følgje Queen-bassist John Deacon (sitert i eit fransk magasin i 1984), var det meste av songen hovudsakleg skriven av Freddie Mercury, sjølv om dei alle medverka til arrangementet. Den tidlegare versjonen utan Bowie, «Feel Like», finst på mange piratkopialbum og var skriven av Queen-trommeslagar Roger Taylor.
Det er noko forvirring om kven som skreiv basslinja i songen. John Deacon sa (i det japansk magasinet Musiclife i 1982, og i det førre nemnde franske magasinet) at David Bowie hadde laga linja. I eit nyare intervju, seier gitarist Brian May og trommeslagar Roger Taylor at det var Deacon som skreiv bassen. I følgje Bowie sjølv var basslinja alt skriven før han vart involvert.Bowie Talks About Under Pressure Henta 10. mai 2011 Han vart seinare sampla av Vanilla Ice på singelen hans «Ice Ice Baby» i 1990. Queen og Bowie fekk først honorar for denne singelen først etter singelen hadde vorte ein hit.Westfahl, Gary (2000). "Legends of the Fall: Behind the Music". Science Fiction, Children's Literature, and Popular Culture. Greenwood Publishing Group. s. 100. ISBN 0313308470.Feature: Has Vanilla Ice been stealing other people's songs?". Smash Hits (EMAP Metro) (12–25 December 1990): 59.
Innhald Singel 1981 «Under Pressure» (Mercury, Taylor, Deacon, May, Bowie) – 4:02 «Soul Brother» (Mercury, Taylor, Deacon, May) – 3:38
EMI gav i 1988 ut ein 3" CD-versjon av singelen med «Body Language» som ei ekstra B-side.
Medverkande Produsentar: Queen David Bowie Musikararar: Freddie Mercury: Vokal, piano Brian May: Gitar John Deacon: Bass Roger Taylor: Trommer David Bowie: Vokal, perkusjon, klaverinstrument
Mottaking I september 2005 skreiv nettmagasinet Stylus at basslinja var den beste i heile pophistoria. I november 2004 skreiv Stylus-kritikar Anthony Miccio at 'Under Pressure' er «den beste songen gjennom tidene» og skidlra han som Queen sitt 'opus'.
Konsertversjonar Sjølv om det var eit samarbeidsprosjekt, var det berre Queen som først byrja å spele songen på konsertane sine. Bowie valde ikkje å framføre songen før på Freddie Mercury Tribute Concert i 1992, då han og Annie Lennox song songen som ein duett (akkompagnert av dei andre i Queen). Etter at Mercury døydde og Outside-turneen i 1995, har Bowie spelt songen på nesten alle konsertane sine, med bassist Gail Ann Dorsey på Mercury sine vokalparti. Songen vart òg spelt på A Reality Tour av Bowie i 2004, då han ofte tileigna songen til Freddie Mercury. Queen + Paul Rodgers har nyleg òg framført songen. Som regel var det Roger Taylor i lag med Mercury sjølv som song Bowie sine vokal parti då Queen og Mercury framførte songen på konsertane sine.
Konsertopptak Det første konsertopptaket til Queen av songen var i Montreal Forum i Canada den 24. november 1981. Dette finst på konsertfilmen We Will Rock You. Dette er ein av få gonger på konsert der Mercury nytta falsett i songen på linja «these are the days it never rains but it pours». Eit nytt konsertopptak vart spelt inn i Milton Keynes i England i 1982. Dette kom ut i 2004 på konsertalbumet/DVDen Queen on Fire - Live at the Bowl. Før konserten gjekk det rykte om at Bowie skulle synge sin del av songen i lag med Queen, men truleg var han ikkje ein gong til stades. Seinare spelte Queen inn eit tredje opptak av songen på Wembley Stadium i London i 1986. Dette vart gjeven ut på konsertalbumet/DVDen Live at Wembley Stadium. Igjen gjekk det rykte om at Bowie skulle dukke opp scenen. Eit anna opptak frå same turneen (frå konserten til Queen i Budapest) finst i ei redigert utgåve på albumet Live Magic frå 1986. Under Freddie Mercury Tribe Concert i 1992 spelte dei gjenverande medlemmane i Queen i lag med Bowie og Annie Lennox (for Mercury) songen. Dette vart sidan gjeven ut på DVD i 2002, ti år etter konserten. Ein versjon spelt inn av David Bowie i 1995 vart gjeven ut på bonusplata som følgde somme versjonar av Outside - Version 2. Dette konsertopptaket finst òg på singelen «Hallo Spaceboy» i 1996. David Bowie-DVDen og konsertalbumet A Reality Tour (2003/2010) inneheld ein konsertversjon med bassist Gail Ann Dorsey på Mercury sin vokalparti. VH1 Rock med Queen + Paul Rodgers spelte Under Pressure i lag med «The Show Must Go On», «We Will Rock You» og «We Are The Champions» under ei direktesending.
Andre utgjevingar
Rah Mix Ein remiksa versjon (kalla «Rah Mix») vart gjeven ut i desember 1999 for å promotere Queen sitt Greatest Hits III og nådde 14. plass på den britiske singellista. Denne remiksen inneheld òg nye songar skriven av Brian May og Roger Taylor.
Innhald To CD-singlar (ein utvida med multimedia) kom ut 6. desember 1999 og ein 7" biletdisk kom ut 13. desember 19999. Sidan «Bohemian Rhapsody» vann ei kåring The Song of The Millennium, vart denne gjeven ut som B-side under tittelen «The Song of The Millenium/Bohemian Rhapsody»Queenpedia.com CDS #1 Under Pressure (Rah Mix) The Song Of The Millennium / Bohemian Rhapsody Thank God It's Christmas
CDS #2 Under Pressure (Rah Mix - Radio Edit) Under Pressure (Mike Spencer Mix) Under Pressure (Knebworth Mix) Enhanced section
Vart opphavleg gjeven ut på den amerikanske versjonen av Queen sitt Greatest Hits som ein ny song. Songen vart gjeven ut som bonusspor på Virgin Records-utgåva av Bowie sitt Let's Dance i 1995. Hollywood Records remiksa songen for 1992-utgåva av Classic Queen. Denne versjonen hadde betre lydkvalitet, men har fjerna Mercury sin «that's okay!» kring 0:53. Han finst òg på somme Bowie-samlingar, hovudsakleg med Hollywood Records-miksen: Bowie: The Singles 1969-1993 (1993) The Singles Collection (1993) Best of Bowie (2002) Den originale singelversjonen finst på disk tre på Bowie sin The Platinum Collection (2005), og var første gongen denne versjonen vart gjeven ut på ei Bowie-samling. Denne disken vart sidan seld separat som The Best of David Bowie 1980/1987 (2007). Ein instrumentalversjon finst i DVD-menyen for Hot Space-delen av Greatest Video Hits 2, og på Greatest Karaoke Hits. Han vart gjeven ut i Storbritannia på Queen sitt Greatest Hits II (som seinare vart ein del av The Platinum Collection (2000 og 2002)) der andre gongen Bowie syng «This is our last dance» var fjerna. Songen er òg spelt, utan tekst, av Royal Philharmonic Orchestra.YouTube.com Nesten heile songen vart nytta i filmen It's Kind of a Funny Story frå 2010.
Listeplassering Under Pressure (1981): LandTopp-plasseringSertifiseringArgentina1 Nederland1 UK1SølvIrland2 Canada3 Sør-Afrika4 Noreg5 New Zealand6Australia8 Austerrike10 Sverige10 Sveits10 Tyskland21 USA29 Japan88
Under Pressure – Rah Mix (1999): LandTopp-plasseringSertifiseringUK14 Nederland19
Andre versjonar Songen vart i 2005 spelt av dei amerikanske alternative rockebanda The Used og My Chemical Romance i lag for til støtte for tsunamien dette året. Songen var opphavleg berre tilgjengeleg for nedlasting, men vart sidan gjeven ut som bonusspor på 2005-utgåva av The Used-albumet In Love and Death og vart mykje spelt på radio i 2005.
Royal Philharmonic Orchestra – The Queen Collection (1982) Small Brown Bike og The Casket Lottery på ein delt EP Vanilla Ice sampla basslinja for hitten «Ice Ice Baby» (1990) London Symphony Orchestra – Plays the Music of Queen (1994) Culture Beat – Queen Dance Traxx I (1996) Charli Baltimore & Mase spelte ein rapversjon kalla «Ice» (basert på dei same samplingane som Vanilla Ice nytta for «Ice Ice Baby») for albumet Cold As Ice. The Flaming Lips – Konsertopptak Crooked Fingers på Reservoir Songs EP (2002) Keller Williams på konsertalbumet Stage. The Blood Brothers – Konsertopptak på Dynamite With a Laser Beam: Queen as Heard Through the Meat Grinder of Three One G Joss Stone – Killer Queen: A Tribute to Queen (2005) Stone spelte songen på Concert for Diana den 1. juli 2007. Keane gav ut «Under Pressure» for samlinga Radio 1. Established 1967. Rajaton - Rajaton sings Queen with Lahti Symphony Orchestra (2008) Kill Hannah for filmen The Invisible. Xiu Xiu feat. Michael Gira på albumet Women as Lovers (2008) Ben Harper and Relentless7 på konsert
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Under Pressure» frå , den 10. mai 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1981 Kategori:Singlar frå 1981 Kategori:David Bowie-songar Kategori:Queen-songar Kategori:Nummer-ein-singlar i Storbritannia Kategori:Nummer-ein-singlar i Nederland Kategori:Songar skrivne av Freddie Mercury Kategori:Songar skrivne av Brian May Kategori:Songar skrivne av John Deacon Kategori:Songar skrivne av Roger Meddows-Taylor Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Musikkvideoar regisserte av David Mallet