Pfalzgrevskapet ved Rhinen (tysk Pfalzgrafschaft bei Rhein), seinare Kurpfalz, var eit historisk område i Det tysk-romerske riket, eit palatinat styrt av ein pfalzgreve. Herskarane tente som kurfyrstar i Det tysk-romerske riket frå 1356.
Kurpfalz var eit mykje større område enn det som seinare vart kjend som Rheinpfalz, på venstrebreidda av Rhinen. Det omfatta den moderne regionen Pfalz i tyske Rheinland-Pfalz og delar av den franske regionen Alsace. Kurpfalz omfatta òg område som låg på austbreidda av Rhinen, med byane Heidelberg og Mannheim.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Electoral Palatinate» frå , den 22. mai 2011.
Bakgrunnsstoff Charles D. Gunnoe, (2004) "Palatinate" in Europe, 1450 to 1789: Encyclopedia of the Early Modern World
Kategori:Kurpfalz Kategori:Historia til Rheinland-Pfalz Kategori:Pfalzgrevskapet Lothringen Kategori:Den kur-rhinske rikskrinsen Kategori:Pfalz