Anders Jørgensen Veum () var ein norsk lærar, telegrafist, gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Fyresdal.

Veum var son til ein gardbrukar. Sjølv vart han seminarist frå Kviteseid i 1852 og frå Holt i 1855. Han praktiserte som lærar i eit par års tid. År 1857 avla han telegrafisteksamen i Brevik. Frå då av var han telegrafist i Arendal, deretter var han telegrafstyrar i Risør og frå 1859 hadde han same stillinga på Gjøvik. Han kjøpte i 1861 og dreiv eit gardsbruk i Vardal fram til 1873, då kjøpte han garden Jølsen ved Lillestrøm og busette seg der i 1874. Etter å ha budd i Ullensaker eit par år, slo han seg i 1897 ned i Kristiania. I hovudstaden eigde han fleire bygardar. Han flytta i 1903 vidare til eigedomen Tanum i Brunlanes, eit bruk han hadde kjøpt same året.

Veum var medlem av heradsstyret i Vardal, ordførar i tolv år. Han representerte Kristians amt på Stortinget frå 1877 til -82. Perioden 1877-79 var han sekretær i budsjettkomiteen, 1880-82 var han sekretær i næringskomite nr 2.

Veum døydde i Brunlanes i 1932.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Stortingsrepresentantar 1880-1882 Kategori:Stortingsrepresentantar for Oppland Kategori:Ordførarar i Vardal Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Norske lærarar Kategori:Folk frå Fyresdal