Josef I () var keisar av Det tysk-romerske riket i perioden 1705–1711, konge av Ungarn og Böhmen konge, og erkehertug av Austerrike. Han var den eldste sonen av keisar Leopold I.

Keisar Josef vart fødd i Wien, og den strenge oppsedinga han fekk av prins Dietrich Otto von Salm gjorde han til ein dugeleg lingvist. I 1687 vart han krona til konge av Ungarn, og 6. januar 1699 mottok han krona til Det tysk-romerske riket. Keisaren gifta seg med Amalia Wilhelmine von Braunschweig-Lüneburg og hadde seinare døtrene Maria Josepha og Maria Amalie med henne.

Under heile keisaren si regjeringstid pågjekk den spanske arvefølgjekrigen, der den austerrikske armeen med hjelp frå sine engelske og nederlandske allierte under leiing av prins Eugene av Savoie sigra (slaget ved Oudenaarde i 1708 og slaget ved Malplaquet i 1709).

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Josef I av Det tysk-romerske rike» frå , den 26. mai 2011.

Bakgrunnsstoff

Joseph I.: "Regina coeli"

Kategori:Folk frå Wien Kategori:Tysk-romerske keisarar Kategori:Huset Habsburg Kategori:Tyske kongar Kategori:Ungarske monarkar Kategori:Bøhmiske monarkar Kategori:Austerrikske herskarar Kategori:Hertugar av Kärnten Kategori:Hertugar av Teschen Kategori:Grevar av Tirol Kategori:Ordenen av det gylne skinnet