Omleiringa av St. Augustine var ein del av Dronning Anne-krigen i november og desember 1702. Engelske styrkar frå provinsen Carolina og deira indianske allierte, kommandert av guvernøren i Carolina, James Moore, mot den spanske kolonifestninga Castillo de San Marcos i St. Augustine i Spansk Florida.

Etter å ha øydelagd spanske kystsamfunn nord for St. Augustine kom styrkane til Moore fram til St. Augustine den 10. november og byrja omleiringa. Den spanske guvernøren Joseph de Zúñiga y Zérda hadde fått nok tid på seg til å trekkje sivile og matforsyningar inn i festninga og sende melding til nærliggande spanske og franske samfunn om støtte. Dei engelske kanonane gjorde lite skade på festningsmurane, og dette fekk guvernør Moore til å sende ei melding til Jamaica for å få større kanonar. Spanjolane si bøn om hjelp var ein suksess og ein flåte vart send frå Havanna i Cuba. Soldatane gjekk i land den 29. desember og Moore avslutta kringsetjinga dagen etter. Han vart tvungen til å brenne mange av båtane sine før han vendte attende til Charles Town i skam.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Siege of St. Augustine (1702)» frå , den 29. mai 2011.

Kategori:Konfliktar i 1702 St. Augustine St. Augustine 1702 St. Augustine 1702 Kategori:Historia til Florida Kategori:1702 i Nord-Amerika Kategori:1702 i Det britiske imperiet