Eidsfossen er ein foss i Gloppeelva aust på garden Eide i Gloppen kommune i Vestland. Fossen er ein kaskadefoss med eit fall på 32 meter. På grunn av den store vassføringa i elva er fossen eit tydeleg landemerke i kommunen, og er merkt som sjåverdig på kartet i vegboka til Norges Automobil-Forbund og av Statens vegvesen. Vassføringa er på sitt største mellom april og juli.

Fossen blei bygd ut med elvekraftverk av Gloppen Energiverk (GEV) i 1917, og sidan 2000 driftet av Sogn og Fjordane energi (SFE). Kraftverket, Eidsfoss kraftverk, blei sist oppgradert i 2008.

mini|venstre|Laksetrappa i Eidsfossen.

Laksetrapp Ved fossen er det bygd ei laksetrapp som skal hjelpa laksen å vandre frå Gloppefjorden til Breimsvatnet. Området rundt trappa er tilrettelagd for publikum med bruer og rekkverk.

Bakgrunnsstoff Eidsfossen på world-of-waterfalls.com Vannstand for Gloppenelv v/Bergheim (id:87.10.0) (2008)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Eidsfossen» frå , den 5. juni 2011.

Kategori:Geografi i Gloppen Kategori:Fossar i Vestland Kategori:Turistmål i Vestland