Eric Voegelin () var ein tysk-amerikansk politisk filosof.

Voegelin var fødd i Köln i 1901 og flytta med familien sin til Wien i 1910. Han studerte ved Universitetet i Wien. Rettleiarane for avhandlinga hans var rettsteoretikaren Hans Kelsen og filosofen Othmar Spann. Etter habilitasjon i 1928, underviste han i politis teori og sosiologi. I Austerrike danna Voegelin varige vennskap med Alfred Schütz og Friedrich Hayek.Federici, Michael. Eric Voegelin: The Restoration of Order, ISI Books, 2002, s. 1

I 1938 flykta Voegelin frå dei tyske nazistyrkene som hadde overteke Austerrike i Anscluss og kom seg til USA. Han blei merikansk statsborgar i 1944. Det meste av levetida si var han ved University of Notre Dame og Louisiana State University, seinare var han òg periodar i München og ved Stanford.

Kjelder

Bakgrunnsstoff http://www.artsci.lsu.edu/voegelin/

Kategori:Folk frå Köln Kategori:Folk frå Wien Kategori:Professorar ved Stanford University Kategori:USA-amerikanske statsvitarar Kategori:Tyske statsvitarar Kategori:Austerrikske statsvitarar