Pianokonsert nr. 18 i H-dur, KV. 456 er eit concertante-verk for piano, eller pianoforte og orkester av Wolfgang Amadeus Mozart. Mozart sjølv daterte konserten til 30 september 1784.

I fleire år spekulerte historikarar på om Mozart hadde skriven denne solokonserten for Marie Theresa von Paradis, basert på brev skrivne på denne tida av Leopold Mozart til dottera hans Nannerl. Hermann Ullrich har derimot sett bort frå denne teorien og basert datoen på notata til Mozart sjølv og at von Paradis reiste til Paris i byrjinga av oktober 1784, som indikerte at det ikkje var nok tid til å sende von Paradis konserten så ho kunne spele han.. Richard Maunder meinte at Mozart likevel kunne ha hatt tid til å sende konserten til Paris og vidare til von Paradis i London, der ho kanskje spelte verket i mars 1785.

Verket er skriven for solo piano, fløyte, to oboar, to fagottar, to valthorn og strykarar. Konserten består av tre satsar:

Allegro vivace Andante i g-moll Allegro vivace

Mozart skreiv to forskjellige kadensar for den første satsen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Piano Concerto No. 18 (Mozart)» frå , den 10. juni 2011.

Bakgrunnsstoff

18 Kategori:Musikk i 1784