mini|Sørsamisk er nummer 1 på dette kartet Sørsamisk er eit finsk-ugrisk språk i den uralske språkfamilien. Det blir snakka av i overkant av 500 talarar, i Østerdalen, på Nordmøre, i Trøndelag og i Nordland i Noreg så vel som i Västerbotten, Jämtland og Dalarna i Sverige. I Noreg har språket òg hatt ei viss utbreiing kring Dovre. Med så få som brukar det, vert det av UNESCO rekna som eit sterkt truga språk.

På grunn av den over hundre år lange perioden med aktiv fornorskingspolitikk (ca. 1850–1960) gjekk sørsamisk ut av bruk som daglegspråk i store delar av den sørsamiske befolkninga. Dei siste tiåra har det ikkje dess mindre vorte arbeidd med å styrkje språket att. I 2008 vart sørsamisk offisielt språk i Snåsa kommune i Nord-Trøndelag, og Røyrvik kommune, i same fylke, fylgde etter i 2013. Frå og med 1. juli 2017 var også Hattfjelldal kommune, og dermed Nordland fylkeskommune, med i det samiske forvaltningsområdet for sørsamisk. Den førebels siste, og sørsamiske, kommunen som kom med i forvaltingsområdet er Røros kommune med verknad frå 1. juli 2018 - ti år etter at Snåsa kom med. Dette medverkar til at sørsamisk i dag står sterkare enn på lenge.

Sørsamisk er ikkje mykje brukt i det offentlege rom, men NRK Sápmi har jamleg sendingar på sørsamisk, både på radio og TV.

Sørsamisk vart skriftfesta i 1974 med Bergsland-Bull-rettskrivinga, laga av Knut Bergsland og Ella Holm Bull, og har sidan da vorte brukt i bøker (skulebøker, barnebøker, Bibelen), aviser (Snåsningen, Daerpies Dierie), i salmar, på Internett og i offentlege dokument i Snåsa kommune. Det er utvikla digitale språklæringsverktøy for sørsamisk, Oahpa!,oahpa.no og sørsamisk retteprogram for bruk i Microsoft Word, Divvun.

Alfabet mini|Sørsamisk og norsk på vindauga til Snåasen gærjagåetie (Snåsa bibliotek).

Sørsamisk blir skrive med bokstavane i det norske og svenske alfabetet, slik at æ, ø blir brukt på norsk side og ä, ö på svensk side. I tillegg brukar ein ï, ein lågare, meir bakre i i tillegg til i, men i skrive sørsamisk er det ein tendens til å skrive i for ï. Grovt sett kan ein seie at dei sørsamiske uttalereglane byggjer på uttalereglane til norsk og svensk.

Grammatikk

Fonologi (lydlære)

Sørsamisk har eit rikt vokalsystem med 8 korte vokalar (i, e, æ, a, y, u, o, å) og 13 lange vokalar eller diftongar (ie, ee, ae, ea, aa, ue, øø, åe, yø, oe, åå, ua, åa). Det korte vokalsystemet har dei same vokalane som norsk, bortsett frå at kort /ø/ manglar. Systemet av lange vokalar skil seg frå norsk, framforalt ved at det har fallande diftongar (ie, ea, yø, ua, åa), diftongar der den første delen blir uttalt høgare (med munnen meir lukka) enn andre delen.

Sørsamisk skil seg frå dei andre samiske språka ved at dei ikkje har stadieveksling. Derimot har sørsamisk omlyd, dvs. rotvokalen varierer etter vokalen i bøyingssuffikset. T.d. er det omlyd føre komitativendinga -ine, slik at gåetie «hus» heiter gøøtine i komitativ. Sørsamisk har 7 ulike omlydsrekkjer med 6 ulike kontekstar.

Morfologi (bøyingslære)

Sørsamiske substantiv har 8 kasus, 3 grammatiske, 3 lokale og 2 andre adverbiale. Substantivmorfologien er relativt konservativ, t.d. skil sørsamisk mellom akkusativ -m og genitiv -n, ein skilnad som er forsvunne både i nordsamisk (der begge desse kasusa manglar ending) og i finsk, der suffiksa for akkusativ og genitiv har falle saman til -n. Derimot finn vi dei same suffiksa i den andre enden av den uralske språkfamilien akkusativ -m og genitiv -n i mari, og akkusativ -m og genitiv -ʔ i nenetsisk.

I verbbøyinga finn vi 3 personar, 3 tal (singularis, dualis, pluralis). Negasjonen er eit verb, til skilnad frå nordsamisk blir negasjonen bøygd ikkje berre i person men også i tid.

Syntaks (setningslære)

Sørsamisk er, til skilnad frå dei andre samiske språka, eit SOV-språk. Hjelpeverb står framfor objektet, så ordstillinga er snarare SHOV (med H for hjelpeverb). Som dei andre samiske språka har sørsamisk postposisjonar heller enn preposisjonar, og adjektiv står framfor substantiva dei modifiserer. Med unntak av hjelpeverb, subjunksjonar og preposisjonar er sørsamisk eit språk der kjernen i dei syntaktiske frasene (den delen som avgjer kva slags frase det er) kjem til slutt i frasa.

Sørsamisk kan utelate subjektet frå finitte setningar, det er eit såkalla pro-drop-språk.

Eit drag som skil sørsamisk frå dei andre samiske språka er at det i presens er mogleg å sløyfe hjelpeverbet «er» i setningar med subjektspredikativ (setningar av typen Per er lærar).

Språkhistorie

Ytre språkhistorie Dei eldste tekstane på samisk, frå svensk side, er frå sørsamisk, eller snarare på umesamisk, frå 1660-åra. Sørsamane var også tidleg ute med organisatorisk arbeid, allereie i 1906. Sørsamisk språkforsking tok til i 1880-åra med ungararen Ignác Halász, som publiserte tekstar og ein grammatikk. Særleg viktig har Knut Bergsland sitt arbeid med sørsamisk vore, hans Røroslappisk grammatikk frå 1946, Sydsamisk grammatikk (1981) og ordboka Åarjelsaemien-daaroen baakoegaerja (1993, saman med Lajla Mattson Magga er dei sentrale verka for sørsamisk, i lag med Hasselbrinks Südsamisches Wörterbuch I–III. Det sørsamiske skriftspråket er frå 1974, i den såkalla Bergsland-Bull-rettskrivinga, etter Bergsland og Ella Holm Bull.

Indre språkhistorie

mini|Den sørsamiske slektskoppen, laga av Inger Marie Oskal, med slektskapstermar på sørsamisk

Som så ofte er med språk i utkanten av ei nærskyld språkgruppe, er sørsamisk meir konservative enn dei andre samiske språka. Stadieveksling, ein samisk innovasjon, har ikkje strekt seg heilt til sørsamisk, derimot er omlyd ein levande prosess.

Om sørsamisk har vore i utkanten av den samiske og uralske språkutviklinga, har språket gjennom hundreåra hatt meir kontakt med germanske språk enn dei andre samiske språka. Det er såleis svært mange skandinaviske lånord i sørsamisk. Eitt døme på det er eit eldre sørsamisk namn på Namsen, nemleg Lakə̑s(ə̑). Mikko Korhonen ser dette som eit lån frå urgermansk *laguz, forma tilsvarar gamalnorsk lǫgr og moderne lågenMikko Korhonen 1981 Johdatus lapin kielen historiaan, SKS, s. 51. Forma på lånet viser at ordet er lånt inn frå nordbermansk før synkopetida, dvs. før ca. år 700.

Revitalisering På grunn av fornorskingspolitikken er det i dag mange sørsamar som ikkje har sørsamisk som morsmål. Dei siste tiåra er det lagt ned mykje arbeid for å revitalisere sørsamisk på ulike arenaer. For dei yngste vart det hausten 2003 oppretta ein sørsamisk heiltidsbarnehage på Snåsa, Åarjel-saemiej maanagierteSnåsa kommune: Åarjel-saemiej maanagierte.

Det har sidan hausten 1968 vore tilbod om sørsamisk opplæring i grunnskulen, først og fremst ved Åarjel-saemiej skuvle/Sameskolen i SnåsaSnåsa kommune: Åarjel-saemiej skuvle/Sameskolen og Gaske-Nøørjen Saemienskovle/Sameskolen for Midt-Norge i Hattfjelldal, men seinare òg ved mange kommunale grunnskular i det sørsamiske busettingsområdet. Talet på elevar som har fått opplæring i sørsamisk, har auka jamt og trutt, og særskilt har talet på elevar med sørsamisk som førstespråk auka.Grunnskulens informasjonssystem: https://gsi.udir.no/34404/2075/34382-37381.htmlTodal, Jon (2007) Samisk språk i Svahken Sijte – Sørsamisk vitalisering gjennom barnehage og skule, Kautokeino: Sámi Instituhtta

For vaksne blir det undervist i sørsamisk på fleire språksenter (t.d. Aajege på RørosAajege og Gielem Nastedh på Snåsa), i tillegg til på Høgskolen i Nord-Trøndelag og ved universiteta i Tromsø, Umeå og Uppsala.

1. januar 2008 vart Snåsa kommune, som første sørsamiske kommune, innlemma i samisk språkforvaltingsområde, og vart dermed tospråkleg. 1. januar 2013 vart Røyrvik kommune innlemma i språkforvaltingsområdet, som den andre kommunen i sørsamisk område. I 2012 vedtok Hattfjelldal kommune i Nordland at det skulle setjast i gang eit forprosjekt med tanke på å få kommunen med i det samiske språkforvaltingsområdet.sametinget.no

Mange som sjølve ikkje har fått morsmålskompetanse i sørsamisk gjennom oppveksten, men som har hatt opplæring i skulen, prøver i vaksen alder å ta språket tilbake ved å lære seg å snakke det flytande, og ved å innføre det som heimespråk og å snakke det med ungane sine.Johansen, Inger (2006) «Det er ikkje eit museumsspråk - det har noko med framtida å gjera». Ei sosiolingvistisk undersøking av revitaliseringa av sørsamisk. Mastergradsavhandling i nordisk språkvitskap, Institutt for nordistikk og språkvitskap, NTNU

Rapporten Samisk språkundersøkelse 2012”Samisk språkundersøkelse 2012”, utført av Nordlandsforskning/Norut Alta på oppdrag frå Sametinget stadfestar at bruken av sørsamisk språk har fått ein liten oppsving dei siste tiåra – det munnlege språket er meir prega av skriftspråket no, men det er fleire unge som brukar språket enn for 20–30 år sidan.Samisk språkundersøkelse 2012, NF-rapport nr. 7/2012

Sørsamisk skriftspråk blir òg brukt i fleire samanhengar. Etter at Snåsa kommune kom med i samisk språkforvaltingsområde, har avisa Snåsningen med jamne mellomrom hatt ei side på sørsamisk. I desember 2010 lanserte Divvun eit ordretteprogram for sørsamisk.Sørsamisk retteprogram lansert Det Norske Bibelselskap har publisert utdrag på sørsamisk frå dei fleste bøkene i både det gamle og det nye testamentet på sidene sine.

Viktige personar mini|Sørsamen Jarle Jonassen har i mange år vore vald inn i Sametinget og har arbeidd der for å styrke språket.http://www.ranablad.no/nyheter/article2078678.ece Rana blad om ein ny bokbuss for sørsamisk litteraturhttp://www.nsr.no/website.aspx?displayid=9427 Norske samers riksforbund - Jarle Jonassen: - Språket kan reddes. Mellom dei som har markert seg i arbeidet med å styrke sørsamisk, kan ein nemne: Bierna Bientie - prest for sørsamane Knut Bergsland - språkvitskapsmann Ida Marie Bransfjell - sørsamisk politikar Ella Holm Bull - Forfattar, ordbokskrivar og mangeårig rektor ved Åarjel-saemien skuvle. Ellinor Marita Jåma - sørsamisk politikar Jarle Jonassen - Sørsamisk politikar Frode Fjellheim - sørsamisk musikar Anna Jacobsen - Lærar ved Gaske-Nøørjen Saemienskovle, Hattfjelldal Anna Jåma Granefjell - laga dei første sørsamiske radiosendingane 1973-1980 Maja Lisa Kappfjell - lingvist som har arbeidd med det sørsamiske ordretteprogrammet Richard Kowalik - språkvitskapsmann, forfattar av sørsamisk grammatikk Lajla Mattson Magga - ordbokskrivar og barnebokforfattar Erik Nilsson Mankok — forfattar og samfunnsdebattant Sigbritt "Pia" Persson - laga sørsamiske sendingar i NRK radio 1993-2002 Anita Dunfjeld Aagård - lærar ved Sameskolen i Snåsa

Merknadar

Fotnotar

Litteratur Bibliografi Glottolog: Bibilografi over sørsamisk språkforsking

Grammatikkar

Lagercrantz, Eliel: . Magga, Ole Henrik og Lajla Mattsson Magga 2012: Sørsamisk grammatikk. Davvi Girji 2012.

Språkvitskap

Bergsland, Knut 1960: Lapin kieltoverbin taivutuksesta Virittäjä 4.327-330 Bergsland, Knut 1942: Det samiske slektskaps- og svogerskapsordsystem. Norsk tidsskrift for sprogvidenskap. 13:148-198 Bergsland, Knut 1945: L'alternance consonantique date-t-elle du lapon commun? Studia septentrionalia, 1945:2 Bergsland, Knut 1945: Om språket i den svensk-samiske ABC fra 1726. Studia septentrionalia. 3:-44. Oslo: Aschehoug. Hasselbrink, Gustav 1944: Vilhelminalapskans ljudlära : med särskild hänsyn till första stavelsens vokaler. Uppsala : Almqvist & Wiksell, 1944. Häkkinen, Jaakko og Minerva Piha, 2020: Kantasaamesta eteläkantasaameen, osa 2. Äännehistorian todisteita eteläsaamen varhaisesta eriytymisestä. Sananjalka 65.

Larsson, Lars-Gunnar (red.) 1996: Lapponica et Uralica : 100 Jahre finnisch-ugrischer Unterricht an der Universität Uppsala : Vorträge am Jubiläumssymposium 20.-23. April 1994. Studia Uralica Upsaliensia ; 26. Uppsala : Acta Universitatis Upsalienia : Distributor: Almqvist & Wiksell, 1996.

Piha, Minerva og Jaakko Häkkinen 2020: Kantasaamesta eteläkantasaameen. Lainatodisteita eteläsaamen varhaisesta eriytymisestä. Sananjalka 62, s. 102–124.