Albitt er eit mineral i feltspatgruppa.Mindat.org Albite Det er endeleddet i plagioklas-serien med mindre enn 10 % anortitt. Kjemisk formel for albitt er NaAlSi3O8. Det er eit nettverkssilikat.

Albitt krystalliserar med trikliniske pinakoidale former. Spesifikk gravitet er 2,62 og hardleik 6. Albitt dannar nesten alltid tvillingar som ein ofte kan sjå som tynne parallelle striper på krystalloverflata. Albitt opptrer ofte som fine parallelle striper som alternerer med rosa mikroklin i perthitt, som følgje av utfelling av smeltemasse ved avkjøling.

Albitt finst i granitt og pegmatitt samt i enkelte hydrotermale sprekker.

Albitt vart først skildra i 1815 for ein førekomst i Sverige. Namnet er frå latin, albus for den typiske kvite fargen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Albitt» frå , den 20. juni 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tektosilikat Kategori:Feltspat Kategori:Triklinske mineral