Halvor Johannesson Sandsdalen () var ein norsk forfattar og journalist og folkeminnesamlar.

Han voks opp på eit småbruk, var aktiv i Seljord Frilynde ungdomslag, og skreiv skodespel allereie som syttenåring. Den einaste skulegangen hans var Søve Jordbruksskule på Ulefoss i 1931 og Saga ungdomsskule på Gvarv i 1937. I unge år hadde han mange ulike arbeidsplassar, og vart vitne til og reagerte på korleis arbeidsfolk vart utnytta på store gardar. Han var ein av grunnleggjarane av skog- og landarbeidarforeining i heimbygda Seljord i 1935. I 1938 gifta han seg med forfattarinna Ingebjørg Kasin Sandsdalen.

I 1945 gav han ut diktsamlinga Det syng i skog og li på eige forlag, men den eigentlege debuten kom i 1946 med Mannen og moldi, som vart utgjeve på Fonna forlag. Sidan kom fleire diktsamlingar frå handa hans, parallelt med barnebøker og skodespel. Eit gjennombrot som diktar fekk han med fyrstepremien i tevlinga om kantate til Skien sitt 600-års jubileum i 1958. I diktninga hentar han ofte inspirasjon frå natur og folkeliv i heimbygda. Dikta er ikkje kompliserte, men tek gjerne utgangspunkt i noko konkret, som til dømes ei forteljing. Jamvel om han har fleire stemningsfulle skildringar kan han nok ikkje karakteriserast som ein romantikar, av di mange av tekstane hans har eit proletært utgangspunkt. Dikta hans inneheld ofte dobbel botn og ironi.

Sandsdalen var utdanna agronom, og dreiv farsgarden frå 1937 til 1952. Samstundes var han i mange år bibliotekar i Seljord og journalist på deltid i Telemark Arbeiderblad. Seinare verka han som redaktør i Telemark Tidende, eit vedlegg til Varden, og frå 1962 hadde han full stilling her. Sandsdalen var elles folkeminnesamlar og i mange år redaktør av Jol i Telemark. Han var også formann i Seljord Arbeiderparti og i mange år sekretær i Telemark Mållag.

Han var far til skodespelaren og forfattaren Odd Jan Sandsdalen.

Bibliografi Dikt Det syng i skog og li, 1945 Mannen og moldi, 1946 Ved Vallarå, 1951 Svarte strender, 1952 Lyset frå andre sida, 1956 Kantate ved Skien 600 års jubileum, 1958 Etter eit menneske, 1960 Bogen og fløyta, 1964 Drakevind, 1966 Relieff, 1968 Strofer frå lirekassa, 1976 Kom sol på alle mine berg, 1978 Ein trekkspelbelg med stjønnur på, 1981 Det sprang eit rådyr forbi, 1985 Eg fann eit vers på vegen, 1987 Ei skål med måneskin, 1992 Skodespel, barnebøker og romanar Gygra i Skorvefjell, barnebok, 1952 Du greier deg nok, barnebok, 1953 Silketørkledet, skodespel, 1955 Anne Gonge, skodespel, 1957 Kari Sulto, skodespel, 1958 Under eventyrhatt, barnebok, 1964 Det store fesjået, barnebok, 1965 Ein grøn stein, roman, 1969 Det grøne huset, barnebok, 1979 Folkeminne Ormen i Seljordsvatnet, 1976 Hundre folkeminne frå Seljord, 1982 Trollebotn, 1983 Drivarbekkdalen, 1984 Langs Svorteåi, 1986 Frå Kivlemøyan til Brurebergi, 1989

Kjelder Skorven, Henrik: Nynorsk lyrikk. 25 diktarar - 220 dikt. Førde: Selja Forlag, 2009 Aanderaa, Dag: Halvor J Sandsdalen i Norsk biografisk leksikon

Referansar

Bakgrunnsstoff Digitaliserte bøker av Halvor J. Sandsdalen hjå Nasjonalbiblioteket

Kategori:Forfattarar frå Telemark Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Norske dramatikarar Kategori:norske journalistar Kategori:norske bibliotekarar Kategori:norske folkeminnesamlarar Kategori:Målfolk Kategori:Folk frå Seljord Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Lokalpolitikarar i Seljord Kategori:Ap-politikarar i Telemark