Huzhou er eit byprefektur heilt nord i provinsen Zhejiang i Folkerepublikken Kina. Han har eit areal på 5 817 km² og om lag 2,56 millionar innbyggarar (2002). Huzhou er delt opp i to bydistrikt og tre fylke.
Elva Xitiao renn gjennom byen og straks ved munnar ho ut i den store innsjøen Tai Hu i deltaet til Chang Jiang.
Næringsvliv Huzhou er kjende for silkeproduksjon, og er blitt kalla «Silkebyen». Han er også kjend for produksjon av fine kalligrafipenslar gjennom mange hundreår.
Samferdsle Kinas riksveg 104 går gjennom prefekturet. Han byrjar i Beijing, går sørover via Dezhou og vidare til Jinan i Shandong, Xuzhou, Nanjing, Hangzhou, Wenzhou og endar opp i Fuzhou.
Riksveg 318 i Kina, ein av dei lengste hovudvegane i landet, går også gjennom området. Han tek til i Shanghai og går mellom anna innom Wuhan og Chengdu på sin veg inn i Tibet og Lhasa og heilt fram til ein kinesisk grenseovergang mot Nepal i Zhangmu.
Kjende folk frå Huzhou Zhu Zhi 朱治 (156-224) og Zhu Ran 朱然 (182-248), generalar for Wu-riket under Dei tre kongedøma Shen Yue 沈約 (441-513), lærd forfattar frå Liang-dynastiet Chen Baxian 陳霸先 (503-559), keisar og grunnleggjar av Chen-dynastiet Lu Yu 陸羽 (733-804), te-kjennar, skreiv den klassiske teboka Chajing Zhao Mengfu 趙孟頫 (1254–1322), kalligraf frå Yuan-dynastiet. Yu Yue 俞樾 (1821–1906), lærd Shen Jiaben 沈家本 (1840–1913), lærd og rettsforskar Wu Changshuo 吴昌硕 (1844–1927), kalligraf Chen Qimei 陳其美 (1878–1916), revolusjonær, medlem av Tongmenghui. Lei Zhen 雷震 (1897–1979), politikar under Republiken Kina. Dai Jitao 戴季陶 (1891–1949), politikar under Republiken Kina. Zhu Jiahua 朱家驊 (1893–1963), politikar under Republiken Kina. Qian Sanqiang 錢三强 (1913–1992), kjernefysikar Tu Shou'e 屠守鍔 (f. 1917), vitskapsmann og rakettdesignar
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Huzhou» frå , den 27. juni 2011. Delar av denne artikkelen bygger på «Huzhou» frå , den 11. oktober 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Zhejiang