mini|høgre|Strandsnipe, Actitis hypoleucos, vernar territoriet med hjelp av song. Fuglevokalisering eller fuglelæte omfattar både fuglesongar og fuglerop. I daglegtale er fuglesongar melodiøse lydar for det menneskelege øyret. I ornitologien er relativt kompliserte songar skilt frå ofte enklare rop ut frå funksjonen dei har. Ropa kan ha funksjonar ut frå situasjonen dei er brukte i, og i feltet skil ein mellom anna mellom fluktlyd, kontaktlyd, tiggelyd, lokkelyd og varsellyd.
Definisjon mini|Vengefjører av ein hannfugl av bølgjevengmanakin, fjørene er tilpassa produksjon av lyd. Merkt av P L Sclater i 1860 og drøfta av Charles Darwin i 1871 Skiljet mellom songar og rop frå fuglar er basert på kompleksitet, lengd og kontekst. Songane er lengre og meir komplekse og er forbundne med spel og paring, medan rop har tendens til å tene funksjonar som varsel eller til å halde kontakt mellom flokkmedlemmer. Andre autoritetar som Howell og Webb (1995) baserer skiljet på funksjon, slik at korte lydar som dei frå duer og sjølv ikkje-vokale lydar slik som tromming frå hakkespettar og mekrelydar frå enkeltbekkasin i flukt vert rekna som songar. Atter andre krev at songar skal ha mangfald i stavingar og tidsmessig regularitet slik som repeterande og transformative mønster som definerer musikk. Det er generelt semje blant fagfolk om kva som er songar og kva som er rop, og ein god feltguide vil skilje mellom dei to formene av læte.
Fuglesong er best utvikla innanfor ordenen Passeriformes. Hos dei fleste artane er det hannar som læt songane. Songen blir vanlegvis levert frå opphøgde sitjeplassar jamvel om nokre artar kan synge når dei flyg. Nokre grupper er nesten stemmelause, og produserer berre perkussive og rytmiske lydar, som til dømes storkar, som klaprar med nebbet. Blant nokre manakinar (Pipridae), har hannane utvikla fleire mekanismar for mekanisk lydframstilling, medrekna mekanismar for stridulasjon, ikkje ulikt dei som finst hos nokre insekt.
Det å lage lyd med hjelp frå mekaniske middel, i motsetnad til å nytte syrinx, har vorte kalla varierande instrumental musikk av Charles Darwin, mekaniske lydarManson-Barr, P. and Pye, J. D. (1985). Mechanical sounds. In A Dictionary of Birds (ed. B. Campbell and E. Lack), pp. 342-344. Staffordshire: Poyser. og meir nyleg 'sonation' på engelsk språk etter sonate. Omgrepet sonate har på engelsk vorte definert som det å produsere ikkje-vokale lydar som er modulerte som kommunikative signal med medviten, og produsert med hjelp av strukturar som nebb, venger, hale, føter og kroppsfjører.
Anatomi Vokaliseringsorganet hos fuglar blir kalla syrinx, det er ein beinete og muskulær struktur i nedkant av luftrøyret, i motsetnad til larynx hos pattedyr som ligg øvst i trachea. Syrinx, og hos nokre artar òg dei omkringliggande luftsekkene, lagar resonans til lydbølgjer som blir skapt av membranar når lufta strøymer forbi. Fuglen kontrollerer luftbanen ved å endre spenning på membranar og kontrollerer både tonehøgd og volum ved å endre styrken på utpust. Fuglen kan styre dei to sidene av luftrøyret sjølvstendig, som gjer nokre artar i stand til å produsere to tonar samstundes.
Funksjon mini|høgre|Måltrast, Turdus philomelos, syng frå ei grein Forskarar har gjeve hypotesar om at fuglesong har utvikla seg gjennom seksuell seleksjon, og eksperiment tyder på at kvaliteten på fuglesong kan vere ein god indikator på kondisjon. Eksperiment tyder òg på at parasittar og sjukdomar kan påverke direkte songeigenskapar som songraten, og med det fungere som påliteleg indikator på helse. Også repertoaret av songar synest å indikere kondisjon blant einskilde artar. Evna som hannfuglar har til å halde på og å annonsere territorium med bruk av song demonstrerer òg tilstanden til fuglen.
Kommunikasjon gjennom rop kan skje mellom individ av same art eller til og med på tvers av artar. Fuglar kommuniserer varsel gjennom lydar og rørsler som er spesifikke for trusselen, andre dyreartar, inkludert andre fuglar, kan tyde slike varsel for å identifisere og verne seg mot den spesifikke faren. Rop ved mobbeåtferd blir til brukt å rekruttere individ i eit område der ei ugle eller andre predatorar kan vere tilstades. Desse ropa er prega av breitt frekvensspekter, skarp start og avslutning, og gjentakingar, felles på tvers av artsgrenser og blir trudd å vere nyttige for andre potensielle mobbarar. Derimot er varselrop for dei fleste artane i karakteristisk høgt toneleie, noko som gjer roparen vanskeleg å lokalisere.
Individuelle fuglar kan vere kjenslevare nok til å identifisere kvarandre gjennom ropa. Mange fuglar som hekkar i koloniar kan lokalisere ungane sine ved hjelp av rop. Lydytringar er nokre gonger særeigne nok for individuell identifikasjon jamvel for forskarar i økologiske studiar.
Mange fuglar engasjere seg i duettsong. I nokre tilfelle er duettar er så perfekt synkroniserte at dei verkar nesten som ein samanhengjande song eller eit rop frå berre ein fugl. Denne typen rop blir nemnt antifonale duettsong eller duettering. Slik duettering er funne i eit breitt spekter av familiar som vaktlar, buskvarslarar, timalar som sigdtimalar, nokre ugler og papegøyar. Blant territoriale songfuglar er fuglar meir villige til å engasjere seg med motsong når dei har vorte opphissa av simulerte innbrott i territoriet sitt. Dette inneber åtferd med aggressiv konkurranse innanfor arten.
Nokre fuglar er utmerkte hermarar. Nokre tropiske artar kan etterlikne drongoar, som har ei rolle i danninga av fleirartsflokkar. Vokalmimikk kan førekomme innanfor same arten, eller inkluderer andre artar eller menneskeskapte lydar. Det er lagt fram ulike hypotesar på kva funksjonar vokalmimikk kan ha, medrekna forslag om at dei kan vere involvert i seksuell seleksjon ved å opptre som ein indikator på kondisjon, er til hjelp for reirparasittar, vernar mot predatorar, men det er sterk stønad for at lydherming ikkje har nokon funksjon. Mange fuglar, og spesielt dei som hekkar i holrom, er kjende for å produsere kvesande lydar som ein slange, det kan hjelpe til å skremme predatorar på nært hald.
Nokre artar av hòlebuarar, inkludert feittfugl, Steatornis caripensis og salanganar brukar lyd i frekvensområde vi kan høyre (mellom 2 og 5 kHz ) for å ekkolokalisere i mørke grotter. Den einaste fuglen kjent for å gjere bruk av infralyd, ved ca. 20 Hz, er storfugl, Tetrao urogallus.
mini|høgre|Svarttrast, Turdus merula
Fuglar kan høyre lydar frå under 50 Hz (infralyd) til over 20 kHz (ultralyd). Den beste høyrsla er på lydar mellom 1 og 5 kHz. Frekvensrekkjevidda som fuglar nyttar i eit miljø varierer med kvaliteten på levemiljøet, og med bakgrunnslydane. Det har blitt føreslått at tynn bandbreidd, låg frekvens, lågfrekvensmodulering og intervall med lange element og mellomelement bør finnast i levemiljø med kompleks struktur i vegetasjonen (som absorberer og dempar lydar), medan høg frekvens, breid bandbreidd, høgfrekvensmodulering (vibrantar) og intervall med korte element og mellomelement er å finne i miljø med strukturelt enklare vegetasjon. Det har òg blitt føreslått at den tilgjengelege frekvensrekkjevidda er oppdelt, dvs. at fuglar syng på ein måte som gjer overlappen i tid og frekvens mellom ulike artar mindre. Dette blir kalla den «akustiske nisjen». Fuglar syng med høgare volum og tonehøgd i urbane område, der det er lågfrekvent bakgrunnsstøy.
Fuglespråk Språk hos fuglar har lengje vore eit tema for anekdotar og spekulasjonar. At rop har tydingar som blir tolka av lyttarane deira har vorte godt demonstrert. Hønsekyllingar har særeigne varselrop for luft- og bakkepredatorar, og dei reagerer fornuftig på desse varselropa. Men eit språk har, i tillegg til ord, strukturar og reglar. Freistnadar på å demonstrere eksistensen av språk har vore vanskeleg på grunn av omfanget av moglege tolkingar. Forsking på papegøyar av Irene Pepperberg blir hevda å demonstrere medfødde evner til grammatiske strukturar, medrekna eksistensen av omgrep som substantiv, adjektiv og verb. Studiar av vokalisering blant starar har òg ymta at dei kan ha rekursive strukturar.
Omgrepet 'fuglespråk' kan òg meir uformelt referere til mønster i fuglevokalisering som kommuniserer informasjon til andre fuglar eller andre dyr generelt. Wilderness Awareness School grupperer fuglelæte inn i fem ulike klassar, nokre gonger kalla 'røystar', kvar kommuniserer ulik informasjon. Vennerop er ein kort vokalisering gjort mellom kameratar, foreldre og unge, eller medlemmer av ein flokk for å oppretthalde kontakt når dei er utanfor visuell rekkjevidd. Juvenile tigg er ein skingrande, kraftig stemmebruk ofte laga av unge til ein forelder for å tigge etter mat. Intraspesifikk aggresjon kan bestå av høg, alarmerande vokalisering eller energisk song, og kan bli høyrt når medlemmer av same art oppfører seg aggressivt mot kvarandre. Varsel kan høyrast når fuglane blir overrumpla, skremte eller livredde, og kan ta mange former. Mobbing er éit døme på varsling, medan eit høgfrekvent varselrop er eit anna.
Av dei fem klassar av fuglestemmar, formidlar fire av dei bodskapen om at fuglen kjenner seg trygg. Fuglar som deltar i song, vennekall, ungetigging, og intraspesifikk aggresjon viser alle kva Jon Young kallar grunnleggjande åtferd, eller ein avslappa tilstand utan frykt for predasjon. Varsel kommuniserer nærvære av ein predator, eller ein innverknad som fuglen kan sjå som ei fare, så som eit menneske. Varsel har ulike lydar og former, som kvar er spesifikk for kjelda til det som skaper uro.
Læring I moderne biologi blir fuglesong vanlegvis analysert ved hjelp av akustisk spektroskopi. Songane er meir eller mindre karakteristiske for ein art. Songen varierer sterkt i kompleksiteten for arten og ein art kan ha mengder av distinkte typar song som dei syng, opp til 3000 variantar for brunspottefugl, Toxostoma rufum. Blant nokre artar kan einskilde individ på same måte variere eigen framføring av songar. Nokre få artar av starar og spottefuglar fletter vilkårlege element som er lært i den enkeltes liv inn i eigen song, ei form for herming, men kanskje betre kalla tileigning [Ehrlich et al.] Så tidleg som i 1773 vart det slått fast at fuglar har lært rop, og kryssfostring-eksperiment viste at ein kan tvinge ein tornirisk, Carduelis cannabina, til å lære songen frå ei songlerke, Alauda arvensis. Blant mange artar ser det ut til at sjølv om den grunnleggjande songen er den same for alle medlemmer av arten, så vil unge fuglar lære nokre detaljar frå fedrane sine, og desse variasjonane vert bygde opp over generasjonar til å danne dialektar.
Fuglar lærer songar tidleg i livet med dellydar som utviklar seg til gjengjeving av songar for vaksne fuglar. Sundaastrild, Taeniopygia guttata, den mest populære artane for fuglesongforsking, utviklar si utgåve av ein kjend vaksen song etter 20 dagar eller meir etter klekking. 35 dagar gamal, vil ungen ha lært den vaksne songen. Den tidlege songen er 'plastisk' eller variabel og det tar ungfuglen to eller tre månader for å perfeksjonere songen.
Identifisering
mini|Sonogram av lydopptak frå ei palmedue, Streptopelia senegalensis.