mini|Pen Hill i South Downs. mini|The Seven Sisters, dei sju systrene, nær Eastbourne, sett frå Seaford Head. South Downs er eit åsområde med kalkgrunn i det sørlege England. Det går parallelt med North Downs, og dei to områda danna ein gong ein kuppelforma kalkklippe saman. Dei er no skilde frå kvarandre av Weald, eit område der kalksteinsgrunnen er sliten ned av erosjon. South Downs og delar av Weald inngår i South Downs National Park, som vart skipa i 2011.«Why are we a National Park?», southdowns.gov.uk
Området strekkjer seg omkring 100 km gjennom East Sussex, West Sussex og Hampshire. Turevegen South Downs Way går langs området. Dei mest kjende klippene er Beachy Head ved Eastbourne og Seven Sisters mellom Eastbourne og Seaford. Det høgaste punktet er Butser Hill, som når 270 moh. og er ein av England sine «marilyn-toppar».
Byar og landsbyar
Arundel Brighton Eastbourne Hove Lewes Midhurst Portslade Shoreham-by-Sea Washington
Kjelder Denne artikkelen bygger på «South Downs» frå , den 2. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Åsar i East Sussex Kategori:Åsar i West Sussex Kategori:Åsar i Hampshire Kategori:Verneområde i East Sussex Kategori:Verneområde i West Sussex Kategori:Verneområde i Hampshire