mini|Kart over halvøya Llyn (nokre gonger Lleyn på engelsk) er ei halvøy, som strekkjer seg 48 kilometer inn i Irskesjøen i det nordvestlege Wales, sørvest av øya Anglesey. Det er ein del av fylket Gwynedd. Namnet er trudd å vere av irsk opphav, og har same rot som orda Leinster, 'Laighin' på irsk. Over halvøya vandra tradisjonelle pilegrimsferd til øya Bardsey, og er i dag eit populært turistmål.

På Llyn er det mange verneområde, inkludert eit nasjonalt naturreservat på Cors Geirch, ei kystlinje som er klassifisert som nasjonal kulturarv, og eit europeisk maritim verneområde. Det er òg 20 stader av spesiell vitskapleg interesse. Mykje av kystlinja og dei tidlegare vulkanske åsane er eit av fem område i Wales som er klassifisert som «Area of Outstanding Natural Beauty» (særskilt vent naturområde).

Den relative isolasjonen til området har hjelpt det å verne språket kymrisk og walisisk kultur. Ei undersøking gjennomført i walisiske skular i 2003 viste at omtrent 94% av born mellom 3 og 15 år kunne snakke kymrisk.

Nokre stader på Llŷnhalvøya er: Aberdaron Abersoch Criccieth Llanbedrog Mynytho Nefyn Pwllheli Trefase

Dei viktigaste fjella er: Yr Eifl Gyrn Ddu Càrn Fadryn Mynydd Rhiw Garn Boduan

19 juli 1984 råka eit jordskjelv på halvøya som målte 5,4 på richtersskalaen, var og følte i store delar av Irland og vestlege Storbritannia.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Llŷn» frå , den 3. juli 2011. oppgav desse kjeldene: «Llŷn Peninsula» frå Wikipedia på engelsk

Kategori:Halvøyar i Wales