Newry-elva og Clanrye er to nemningar som begge blir brukt om ei elv i Nord-Irland. Elva renn gjennom byen Newry og ut i Carlingford Lough nær Warrenpoint. På nokre kart blir delen nedstraums frå byen kalla «Newry River» medan strekninga frå utspringet i Mournefjella til byen blir kalla «Clanrye». Det finst likevel òg andre kjelder som ikkje gjer dette skiljet.
Rådhuset i Newry er bygd på ein brukonstruksjon over elva.
Lokalt kallar ein òg elva «The County River» ('grevskapselva') fordi ho utgjer store delar av grensa mellom grevskapa Down og Armagh.
I følgje tradisjonen skal St. Patrick på ei av reisene sine i Irland ha slått leir ved elva. Her planta han eit barlindtre som skulle symbolisere den veksande kristne trua i Irland. Eit klostersamfunn vart oppretta ved elva, og frå 1144 eit cisterciensar-kloster.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Newry (elv)» frå , den 7. juli 2011.
Kategori:Elvar i Nord-Irland Kategori:County Down Kategori:County Armagh