Hardraw Force er ein foss i Hardraw Beck i England. Han ligg rett utanfor landsbyen Hardraw i Wensleydale i Yorkshire Dalast. Turvegen Pennine Way går rett ved fossen.
Med eit fall på ca. tretti meter blir Hardraw Force rekna som det høgaste ubrutte fossefallet over bakkenivå i England. Cautley Spout er høgare med heile 175 meter, men det er fordelt på fleire fall, medan eit underjordisk fall i Gaping Hill på Ingleborough er på omkring 100 meter.
Det var tidlegare mogleg å gå bak fossefallet, men dette er ikkje lenger tillate av tryggleiksårsaker. For å sjå fossen må ein gå gjennom puben Green Dragon Inn i Hardraw. Puben krev ei avgift for dette.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hardraw Force» frå , den 7. juli 2011.
Bakgrunnsstoff http://www.hardrawforce.com/
Kategori:Fossar i England Kategori:Geografi i North Yorkshire