mini|Logoen til Stavanger Oilers Stavanger Oilers er ein norsk ishockeyklubb frå Stavanger og spelar i GET-ligaen. Stavanger Ishockeyklubb er klubben sitt offisielle namn. Klubben nyttar likevel Oilers som sitt namn og merkevare i dei fleste samanhengar. Finske Hartti Kristola starta Stavanger Oilers i 2001, og klubben blei utelukkande driven av pengar frå hans lomme. Kristola eigde og stod for finansieringa av klubben fram til han trekte seg i 2004. No er Tore Christiansen Oilers-eigar. Klubben kom til sin fyrste finale i sluttspelet i sesongen 2005/06, men tapte då 0-4 i kampar for Vålerenga. Sesongen 2009/10 vann klubben sluttspelet ved å slå Vålerenga 4-2 i kampar og blei noregsmeister for fyrste gong. Klubben spelar sine heimekamper i Siddishallen. Jari Kesti og Tomi Souniemi er begge rekna som legender i Stavanger Oilers og har fått freda sine tidlegare draktnummer, #7 og #22, i tillegg til at ein har hengt opp to drakter i Siddishallen for å heidre dei.

Sesong for sesong 2001-2002 - Nr. 1 i 2. divisjon. 2002-2003 - Nr. 1 i 1. divisjon, (Nr. 1 i kvalifiseringa til UPC-ligaen). 2003-2004 - Nr. 6 i UPC-ligaen, (Semi-finale i sluttspelet). 2004-2005 - Nr. 7 i UPC-ligaen, (Kvart-finale i sluttspelet). 2005-2006 - Nr. 4 i UPC-ligaen, (Finale i sluttspelet). 2006-2007 - Nr. 3 i GET-ligaen, (Semi-finale i sluttspelet). 2007-2008 - Nr. 6 i GET-ligaen, (Kvart-finale i sluttspelet). 2008-2009 - Nr. 4 i GET-ligaen, (Kvart-finale i sluttspelet). 2009-2010 - Nr. 3 i GET-ligaen, (Noregsmeister). 2010-2011 - Nr. 2 i GET-ligaen, (Finale i sluttspelet.)

Merittar

2001-2002 - Nr. 1 i 2. divisjon. 2002-2003 - Nr. 1 i 1. divisjon. 2003-2004 - Semi-finale i sluttspelet. (Bronse) 2005-2006 - Finale i sluttspelet. (sølv) 2006-2007 - Nr. 3 i GET-ligaen .(bronse) Semifinale i sluttspelet. (Bronse) 2009-2010 - Nr. 3 i GET-ligaen. (bronse) Vinner av sluttspelet. (Noregsmeister) 2010-2011 - Nr. 2 i GET-ligaen. (sølv) Finale i sluttspelet. (sølv)

Trenarane

Matti Riekkinen (2001-2005) Sverre Høgemark (fungerande) (2005) Gunnar Johansson (2005-2007) George Kingston (fungerande) (2007) Larry Robert Huras (2007-2008) Enio Sacilotto (2008-2009) Petter Thoresen (2009-2016) Pål Kristian Gulbrandsen (2016-2018) Todd Bjorkstrand (2018-)

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske ishockeyklubbar Kategori:Skipingar i 2001 Kategori:Idrettslag i Stavanger