Norwich (//) er ein by i East Anglia i Aust-England. Byen er administrasjonsbyen i grevskapet Norfolk, og utgjer eit eige distrikt.

Forstadene i Norwich strekkjer seg utanfor bygrensene, og ein finn store forstader både i vest, nord og aust for Norwich, medrekna tettstaden Thorpe St Andrew på austsida. Byen har om lag 200 000 innbyggjarar. Elva Wensum renn frå vest til aust gjennom byen og deler Norwich opp i to, ein sørleg og ein nordleg del.

Norwich var ein viktig by på 1000-talet, og flamsk tilflytting gjorde han til eit sentrum for ullvaretilverking på 1300-talet. Under andre verdskrigen leid Norwich skade under tyske bombeåtak.

Historie Romersk tid Romarane la hovudstaden i Storbritannia til Venta Icenorum 3,5 km sør for Norwich rett ved landsbyen Caistor St. Edmund.

Eldre engelsk tid og erobringa til normannarane Det finst to foreslegne modellar til korleis Norwich utvikla seg. Det er mogleg at tre fråskilde angelsaksiske busetjingar, ein nordafor elva Wensum og to på kvar si side sør for elva, slo seg saman sidan dei voks seg større. Den andre modellen er at ein ny angelsaksisk busetjing nordafor elva dukka opp på midten av 600-talet etter at dei tre andre var vorte forlatne. Den eldgamle byen var eit blomstrande midtpunkt for både bytehandel og andre typar handelsverksemd i East Anglia til 1004, då byen vart plyndra og brunne av vikingen Svein Tjugeskjegg. Handelsmyntar og potteskar frå Rhinland som kan daterast tilbake til 700-talet indikerer at handel over lengre avstandar skjedde lengje før dette. Mellom 924 og 939 vart Norwich etablert som ein by på grunn av det faktumet at byen hadde sin eigen mynt. Ordet Norvic dukkar opp på myntar rundt om i Europa som vart laga i denne perioden under Kong Adalstein. Vikingane hadde sterk innverknad i Norwich i 40-50 år til slutten på det 800-talet, og dei laga eit angelsaksisk-skandinavisk område mot den nordlege enden av den noverande King Street.

mini|venstre|Norwich-katedralen

I 1066 då normannarane erobra England, var Norwich ein av dei største byane. Domesday Book har det nedskrive at Norwich hadde omtrent 25 kyrkjer og ein folkesetnad på mellom 5000 og 1000 innbyggjarar. I han stod det òg om plasseringa til ei angelsaksisk kyrkje i Tombland, der den angelsaksiske marknadsplassen låg, og no seinare Norwich-katedralen. Norwich fortsette å vere eit hovudsenter for handel sidan Wensum var ei passande eksportrute ut til sjøen. Kvernsteinar og andre gjenstandar frå Skandinavia og Rhinland er funne under utgravingar i sentrum av Norwich som daterer tilbake til det 1000-talet og framover.

Då Norwich Castle vart bygd på 1070-talet, vart den angelsaksiske området til busetjinga sør for Wensum meir eller mindre øydelagt på grunn av slottsbygginga. Normannarane laga i staden for ei ny busetjing rundt slottet og området vestanfor. Dette vart kjent som «The new borough» (Den nye byen) eller «The French borough» (den franske byen) som sentrerte seg rundt torgplassen til normannarane, låg der det noverande kjøpmannstorget ligg i byen (Provision Market).

I 1096 byrja Herbert av Losinga, biskopen av Thetford, bygginga av Norwich-katedralen. Hovudmaterialet til konstruksjonen var kalkstein importert frå Caen i Normandie. For å transportere byggesteinen til plassen der katedralen skulle byggjast, grov munkar ein kanal frå elva, der Pulls Ferry ligg i dag, og heile vegen opp til austveggen på katedralen. Herbert de Losinga flytta bispesetet sitt dit, og Norwich-katedralen vart domkyrkje for Norwich bispedømme. Biskopen av Norwich underskiver enno med Norvic.

Mellomalder På midten av 1300-talet var dei om lag 4 km lange bymurane i Norwich ferdigbygd. Desse gjekk langs elva og gjerda inn eit større område enn heile City of London. Ei ulempe ved dette vart at med eitt veggane var bygd, vart det ulovleg å byggje utanfor dei, noko som hemma utvidinga av byen.

I 1144 vart jødane i Norwich skulda for ritualmord etter at ein gut (Vilhelm av Norwich) vart funnen død med fleire stikksår. Denne hendinga vart grunnlaget for ein kult, og William oppnådde martyrstatus. Etter kvart vart William òg heilagkåra. St. William-kulten trekte til seg store mengder pilegrimar, noko som gjorde den lokale kyrkja rikare. Den 6. februar 1190 vart alle jødane i Norwich massakrerte, unntatt eit fåtal som søkte tilflukt i slottet.

Rikdomen som finansierte bygginga av mange vene kyrkjer, kom frå ullhandel opp gjennom mellomalderen. Norwich har enno fleire mellomalderkyrkjer enn nokon annan by i Vest-Europa nord for Alpane. Gjennom denne perioden skapte Norwich handelssamband med store delar av Europa der marknaden strekte seg frå Skandinavia i nord til Spania i sør. Rundt denne tida vart byen eit «county corporate» (noko som tilsvarar den noverande sameinte styresmakta) og vart hovudstad for ein av dei tettaste folkesette velståande grevskapa i England.

Den store immigrasjonen i 1567 førte med seg eit vesentleg vallonsk vevarsamfunn til Norwich. Norwich har vore heim til fleire ulike minoritetar, blant anna for dei franske hugenottane og dei belgiske vallonske samfunna på 1500-talet og 1600-talet. Desse immigrantane var i lokalsamfunnet kjende som Strangers (framande). Kjøpmannshuset som no er eit museum, var den tidlegaste tilhaldsstaden deira i byen, og han er enno kjend som Stranger's Hall (Hallen til dei framande). Det virkar slik at the Strangers var integrert i lokalsamfunnet utan nokre store problem frå begge sider, kanskje minst hos forretningsfolket som hadde mest å tene på dugleiken deira. Då the Strangers kom til Norwich, auka handelen med fastlands-Europa, noko som la til rette for religiøse reformer og radikal politikk i byen. Under denne perioden var Norwich den nest største byen i landet, berre London var større.

Den engelske borgarkrigen til viktoriansk tid Dei austlege grevskapa i England var djupt parlamentarisk, og Norwich følgde etter. Dette skapte noko ubehag til visse høgtståande menneske, særleg borgarmeisteren i Norwich som var rojalist, og biskopen Joseph Hall på grunn av posisjonen hans.

Norwich-kanarifuglen vart først innført i England av flamske flyktningar som flykta frå spanjolar som forfølgde dei på 1500-talet. Dei førte ikkje berre med seg vidarekomne teknikkar innanfor tekstilproduksjon, men òg kjæledyra sine, kanarifuglane, som dei byrja å avle opp lokalt. Kanarifuglen har vorte eit emblem på fotballaga til byen, Norwich City F.C., og laget blir på folkemunne kalla The Canaries (Kanarifuglane).

I 1797 grunnla Thomas Bignold, ein 36 år gammal vinhandlar og bankmann, det første Norwich Union Society. Nokre år tidlegare, då han flytta frå Kent til Norwich, fann ikkje Bignold nokre som kunne forsikre han mot faren for landevegsrøvarar. Med den nyskapande ideane om at inkje var umogleg, og klår over at innbyggjarar i ein by av trebygningar, som Norwich, var svært redd for brann, danna Bignold Norwich Union Society for the Insirance of Houses, Stock and Merchandise from Fire. Dette nye føretaket vart kjent som Norwich Union Fore Insurance Office, og vart seinare det største forsikringsselskapet i landet.

Fram til den industrielle revolusjonen var Norwich hovudbyen i det mest folkesette og velståande grevskapet i England, Norfolk, og kappast med Bristol som den nest største byen i England.

Norwich låg ganske isolert til i England, så fram til 1845, då eit jarnbanesamband vart laga, var det ofte raskare å reise med båt til Amsterdam enn til London. Jarnbana vart innført i Norwich av Samuel Morton Peto, han som òg bygde banen til Great Yarmouth.

Frå 1808 til 1814 styrte Norwich ein optisk telegrafstasjon som knytte marineministeriet i London til skipa i hamnebyen Great Yarmouth.

1900-talet På starten av 1900-talet hadde Norwich framleis fleire store føretak som laga varer. Blant desse vart sying av sko (til dømes Start-rite-merket), klede, snikkararbeid, bygningsingeniørar, samt flydesign og -produksjon. Viktige bedriftseigarar var Boulton & Paul, flyprodusentar, Barnands (oppfinnarar av maskiner som produserte ståltrådnetting), og elektroingeniørane Laurence Scott & Electromotors.

Norwich har òg hatt ein lang tradisjon med sjokoladeproduksjon, hovudsakleg gjennom det lokale firmaet Caley's. Firmaet byrja som produsent av mineralvatn, og seinare endra dei produksjonen til sjokolade og knallbongbongar. Caley's vart oppkjøpt av Mackintosh rundt 1930. Det fusjonerte med Rowntree's i 1969, og vart Rowntree-Mackintosh før det igjen vart oppkjøpt av Nestlé. Då vart fabrikken i Norwich nedlagt og flytta til York, noko som avslutta ei 120 år gammal tilknyting til Norwich. Området der fabrikken låg er no Chapelfield-senteret. Caley's-sjokoladen har sidan kome attende som merke, og er framleis produsert i Norwich.

Her Majesty's Stationery Office (HMSO), ein gong styresmakta for den britiske regjeringa med ansvar for all publikasjon av dokument og liknande i Storbritannia, flytta det meste av drifta frå London til Norwich på 1970-talet.

Jarrolds, etablert i 1810, var ein velkjend trykkjar og forleggjar. Jarrolds er òg eit varemagasin i Norwich.

Norwich leid omfattande bombeåtak under andre verdskrigen, noko som råka store delar av sentrum av gamlebyen og viktorianske hus rundt sentrum. Industri og tog-infrastruktur vart òg skadd. Dei største skadane skjedde nettene 27.-28. og 29.-30. april 1942. Bygningar som tok stor skade av åtaka var Morgan's Brewery-bygningen, Colman's Wincarnis-bryggeriet, bystasjonen, Mackintosh sjokoladefabrikk og shoppingdisktikt som St. Stephen's Street, St. Benedict's Street, tomta til Bonds varemagasin og Curls varemagasin (no Debenhams).

Samfunns- og lokalstyredepartementet i Storbritannia la fram eit forslag i 2007 om at Norwich skulle bli ei sameint styresmakt, separert frå bystyret i Norfolk.ilt/pages/City_council__unitary_council__the_business_casne.html Norwich dei offisielle heimesidene til bystyre Det vart ikkje vedteke sidan byen ikkje oppfylte dei strenge krava.

Økonomi mini|venstre|Torget i Norwich, Norwich Market, før restaurering mini|venstre|Norwich Market etter restaurering mini|Norwich Rådhus mini|Norwich City Market.

Næringslivet i Norwich var før hovudsakleg industri og skoproduksjon. Dette endra seg i åtti- og nittiåra til sørvisbasert næringsliv. Norwich Union, ein Aviva-føretak, dominerer enno tertiærnæringa, men har òg vorte følgt opp av andre forsikring- og finansselskap.

Nye utbyggingar på den tidlegare Boulton and Paul-tomta omfattar underhaldningskomplekset Riverside med nattklubbar og dei største klubbane i Storbritannia. Ved sida av Riverside ligg det nyoppgraderte fotballstadionet, og vidare ved sida av elva Wensum finn vi eigedomsutviklarar.

Archant, tidlegare kjent som Eastern Counties Newspapers (ECN) er eit nasjonalt avisforlag som voks ut av Norwichs lokalavis, Norwich Evening News og regionsavisa Eastern Daily Press (EDP).

Norwich har lengje vorte assosiert med sennepsproduksjon. Det verdskjende merket Colman's, med den gule innpakninga, vart grunnlagt i 1814 og blir no betent frå fabrikken i Carrow. Colman's blir eksportert over heile verda gjennom moderselskapet Unilever (Unilever UK Export), og set Norwich på kartet over tradisjonelle britiske selskap. Ein kan òg finne Colman's gåvebutikk i sentrum av Norwich, og butikken sel all slags Colman's-produkt.

Handel