Swindon er ein by i Wiltshire i Sørvest-England. Han ligg halvvegs mellom Bristol, 64 km mot vest, og Reading, 64 km mot aust. London ligg 130 km mot aust. Byen hadde kring 233 400 innbyggjarar i 2021.
Swindon vart utpeikt som Expanded Town i 1952 og dette har ført til at folketalet har auka raskt. Swindon jernbanestasjon ligg langs linja frå London Paddington til Bristol. Swindon er ei sameint styresmakt. Innbyggjarane i Swindon vert kalla Swindonians. I Swindon ligg Bodleian bibliotekdepot med 246 km med bokhyller.
mini|venstre|Utsyn over Swindon.
Swindon har eit gamalt fotballklubb med ei lang historie, Swindon Town FC. Heimebanen der heiter County Ground. Laget har spela i League Two sidan 2017, og vann jamvel serietittelen 2019-20. Dei flytta ikkje opp til League One på grunn av økonomiske og eigarskapsproblem.
Tidlegare store jernbaneverkstader vart lagt ned i 1980-åra, og Honda-bilverkstaden vart lagt ned i 2021 etter 35 år. Legemiddelprodusentar som kanadiske Patheon, amerikanske Catalent Pharma Solutionsog franske Vygon har dei britiske hovudkontora sine i byen. Swindon husar også hovudkontoret til National Trust og UK Space Agency.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Swindon» frå , den 9. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Wiltshire Kategori:Distrikt i Sørvest-England Kategori:Sameinte styresmakter i England