Stockport er ein by i Stor-Manchester i England. Han ligg rundt 10 kilometer sør for byen Manchester, på staden der elvane Goyt og Tame renn saman og dannar den kjende elva Mersey.
Byen var historisk ein del av Cheshire. På 1500-talet var Stockport ein liten by som då i heilskapen sin låg på sørsida av Mersey, og var kjent for dyrking av hamp og framstilling av tau. På 1700-talet hadde byen ein av dei første mekaniserte silkefabrikkane i Storbritannia. På 1800-talet var likevel den leiande industriverksemda til Stockport innan bomull og tilknytte industriar. Stockport var òg senter for hatt-industrien i landet, og eksporterte i 1884 over seks millionar hattar per år. I desember 1997 vart den siste hattefabrikken i Stockport stengd. Hattehistoria til byen er bevart i hattemuseet «Hat Works».
Den vestlege innfarten til byen blir dominert av Stockport Viaduct. Han vart bygd i 1840 og viadukten har 27 teglsteinsbogar som fører hovudjernbanen frå Manchester til Birmingham og London over elva Mersey. Dette byggverket var bakgrunn på mange av måleria til L.S. Lowry.
Fotballaget til byen er Stockport County FC, som for tida (2010/11) spelar i Football League Two, det fjerde nivået i engelsk fotball. Dei spelar heimekampane sine på Edgeley Park.
Folketalsutvikling Folketalsutvikling i Stockport sidan 1901 År 1901 1911 1921 1931 1939 1951 1961 1971 1981 1991 2001 Folketal 92 832 108 682 123 309 125 490 134 132 141 650 142 543 139 598 136 792 132 813 136 082County Borough 1901–1971 Vitja 10. juli 2011 Urban Subdivision 1981–2001
Venskapsbyar Béziers i Frankrike (1972) Heilbronn i Tyskland (1982)
Kjende folk frå Stockport Norman Foster (f. 1935): arkitekt Peter Boardman (1950–1982): fjellklatrar, døydde på Mount Everest. Peter Butterworth (1917–1978): skodespelar, kjent frå Carry on-filmane Wendy Hiller (1912–2003): skodespelar Sarah Harding (f. 1981): songar/låtskrivar i popgruppa Girls Aloud Dominic Howard (f. 1977): trommeslagar i rockebandet Muse. Will Mellor (f. 1976): skodespelar, kjent for rolla som Gaz i Two Pints of Lager and a Packet of Crisps. Dominic Monaghan (f. 1976): skodespelar, kjent for rolla som Munti Brennibukk i Ringenes herre. Tim McInnerny (f. 1956): skodespelar, kjent for rollene som Lord Percy og Captain Darling i Blackadder. Paul Morley (f. 1957): musikkjournalist, musikar, produsent og grunnleggar av plateselskapet ZTT Fred Perry (1909–1995): tennisspelar, Wimbledon-vinnar. Daz Sampson (f. 1974): songar og plateprodusent, representerte Storbritannia under Eurovision Song Contest 2006. Paul Warhurst (f. 1969): fotballspelar, spelte mellom anna for Blackburn Rovers, Bolton Wanderers, Oldham Athletic og Sheffield Wednesday. Joanne Whalley (f. 1964): skodespelar Joseph Whitworth (1803–1887): leiande viktoriansk ingeniør
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Stockport» frå , den 10. juli 2011. oppgav desse kjeldene: Steve Cliffe: Stockport History and Guide (2005), Tempus, ISBN 0-7524-3525-6 Peter Arrowsmith: Recording Stockport's Past: Recent Investigations of Historic Sites in the Borough of Stockport (1996) Stockport Metropolitan Borough Council, ISBN 0-905164-20-2 Peter Arrowsmith: Stockport: a History (1997), Stockport Metropolitan Borough Council, ISBN 0-905164-99-7
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Stor-Manchester Kategori:Distrikt i Nordvest-England