St Helens er ein by i Merseyside i England. Han er den største byen og det administrative senteret i distriktet St Helens og har like over 100 000 innbyggjarar. Byen vart ein del av ein kommune i 1868 i lag med Eccleston, Parr, Sutton og Windle og han vart eit distrikt i 1887, som i 1974 var eit bydistrikt.
St Helens ligg heilt sørvest i det historiske grevskapet Lancashire i Norvest-England, 10 km nord for elva Mersey.
Det lokale området utvikla seg raskt under den industrielle revolusjonen på 1700- og 1800-talet og vart eit viktig senter for kolgruvedrift, og glasmaking. Både før og under denne perioden var det òg ein bomulls- og linindustri (hovudsakleg seglmaking) som varte fram til midten av 1800-talet, i tillegg til industriar for salt, kalkstein, koparutvinning og bryggeri. I dag er St Helens ein handelsby og det meste av den gamle industrien har forsvunne.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «St Helens, Merseyside» frå , den 10. juli 2011. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Merseyside