Warrington er ein by med status som sameint styresmakt i Cheshire i England. Omkring tre fjerdedelar av folkesetnaden i distriktet bur i sjølve Warrington by, medan resten bur i omegnen som òg er inkludert i den sameinte styresmakta.
Historisk har byen høyrt til Lancashire, men han vart i 1974 slått saman med Lymm, Runcorn landdistrikt og delar av Warrington landdistrikt og overført til Cheshire. I Redcliffe-Maud-rapporten vart det foreslått at distriktet skulle høyre til Stor-Manchester, men dette vart endra på grunn av lobbyverksemd. Lokalbefolkninga ville helst fortsetje å høyre til Lancashire, men dette var ikkje mogleg fordi distriktet då ville vorte ein eksklave. I 1998 fekk Warrington status som sameint styresmakt.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Warrington» frå , den 12. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Cheshire Kategori:Distrikt i Nordvest-England Kategori:Sameinte styresmakter i England Kategori:Busetnader grunnlagde på 700-talet