Torquay er ein by på sørkysten av England i grevskapet Devon. På 1800-talet vart det ein populær badeby, kjend for det helsebringande klimaet. Han er administrasjonssenter for den sameinte styresmakta Torbay.

Torquay er fødestaden til kriminalforfattaren Agatha Christie. Fotballaget Torquay United spelar i Football League Two.

Handlinga i TV-serien Hotell i særklasse, der mellom andre John Cleese medverka, er lagt til Torquay, sjølv om innspelinga faktisk føregjekk i Cambridge, Berkshire og Bedfordshire.

Byen er populær for elevar som reiser på språkskule om sommaren.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Torquay» frå , den 12. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Devon