Fareham er ein marknadsby i det søraustlege Hampshire i England, mellom Southampton og Portsmouth. Han er administrasjonssenter for distriktet Fareham. Andre byar i nærleiken er Gosport i sør, Portchester i aust og Wickham i nord.
mini|venstre|Fareham handlesenter i 2006.
Byen ligg på leire, og dette har ført til at produksjon av teglstein, takstein og pipeelement har vore ein viktig næringsveg. Teglsteinane Fareham Red er velkjente i England, og er blant anna brukt til å bygge Royal Albert Hall i London. Hovudnæringsvegen er no handelsbedrifter. I tillegg har mange bedrifter plassert sine servicetelefonsentralar i Fareham.
Byen ligg ved nordvestenden av Portsmouth hamn, og elva Wallington renn fordi Fareham og ut i hamneområdet. Av den grunn har Fareham òg ei rik maritim historie. Royal Navy har sjøkrigsskulen sin der, med over 2 000 elevar.
Fareham har alltid blitt overskugga av naboane sine, og sjølv om byen har opplevd stor vekst og har mange innbyggjarar er det liten grunn til å tru at han får status som city i nær framtid.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Fareham» frå , den 13. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Hampshire