Cinderford er ein liten by i Gloucestershire i England. Han ligg aust i distriktet Forest of Dean, og vart grunnlagt på 1800-talet som følgje av kolgruveindustrien i området, som var i sterk vekst.

Byen minner om dei mange walisiske byane som òg voks fram omkring kolgruver, med lange rekker med identiske terrassehus.

Då gruvene byrja å stenge i 1950-åra råka det byen hardt, fordi det fanst lite annan industri. Til samanlikning klarte den andre byen på denne storleiken i distriktet, Coleford seg langt betre gjennom denne tida, fordi han aldri var så avhengig av gruvene. Det finst noko industri i Cinderford, men han slit økonomisk, og har relativt høg arbeidsløyse.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Cinderford» frå , den 17. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Gloucestershire