Edenbridge er ein småby i Kent i England. Han ligg i området Weald, nær staden der grevskapa Kent, Surrey og East Sussex møtes, og høyrer til distriktet Sevenoaks. Namnet kjem frå gammelengelsk Eadhelmsbrigge, «Eadhelms bro»; byen voks opp ved ein vadestad i elva Eden, ei sideelv til Medway som har fått namnet sitt frå byen.
I mellomalderen vart byen eit sentrum for den omfattande jernindustrien i Weald. Fleire tømmerbygningar frå perioden er bevarte, og ein av dei er innreidd som museum.
Byen vert tent av to jernbanestasjonar, ein ved linja frå Redhill til Tonbridge, og ein ved den gamle hovudlinja mellom London og Eastbourne. Dei to linjene kryssar kvarandre like utanfor Edenbridge.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Edenbridge» frå , den 17. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Kent Kategori:Sevenoaks