Padiham er ein liten by ved elva Calder i Lancashire i England. Han ligg omkring fem km vest for Burnley.

Byen vart grunnlagt før normannarane erobra England på 1000-talet. Han var i fleire hundre år ein viktig marknadsby for området, der ein selde produkt frå Pendleside. Marknaden eksisterer framleis, og vert halden på onsdagar og fredagar.

Padiham vart utvida og i stor grad ombygd under den industrielle revolusjon. Sentrum er i dag definert som eit bevaringsverdig område.

John Wesley skreiv i 1757 at Padiham hadde «… dei villaste kvinnene eg nokon gong har sett».

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Padiham» frå , den 17. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Lancashire