Diss er ein by i Norfolk i England. Han ligg i dalen Waveney renn gjennom, ved ein innsjø. Namnet kjem anten frå det saksiske ordet for innsjø, eller frå norrønt for «landsbyen til den dansande hesten».

mini|venstre|Marknadsplassen i 2006.

Byen har ei rekkje historiske bygningar, mellom dei ein soknekyrkje frå 1300-talet. Rett ovanfor denne står Dolphin House frå 1500-talet. Han har store bjelkar av eik som viser at det var ein høgstatusbygningen, og ein meiner han opphavleg kan ha høyrt til ein ullhandlar. Fram til 1960-åra var det ein pub der; bygningen husar no fleire små firma. Byen har òg eit museum.

Diss stasjon tener Great Eastern Main Line mellom London og Norwich.

I mars 2006 vart Diss den tredje byen i Storbritannia som slutta seg til Cittaslow, ein internasjonal organisasjon som fremjar konseptet «treige byar».

Lokalavisen Diss Express vart grunnlagt i 1864.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Diss (Norfolk)» frå , den 17. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Norfolk Kategori:South Norfolk