Telford er ein planlagt by i grevskapet Shropshire i England. Han vart grunnlagd under namnet Dawley New Town i 1965, og fekk det noverande namnet sitt etter ingeniøren Thomas Telford, i 1968. Han vert administrert som ein del av den sameinte styresmakta (unitary authority) Telford and Wrekin.

Byen har 162 300 innbyggjarar (2009); målet som opphavleg var sett var 250 000 innan år 2000. Planen vart endra alt i 1976, fordi regjeringa såg at det var for optimistisk. Ein prøvde òg å bremse ned fordi utflyttinga frå Birmingham og Liverpool byrja å få ein negativ effekt for delar av desse byane.

Hovuddelen av byen vart reist i 1960- og 1970-åra. Fleire eksisterande småbyar og landsbyar, som Dawley, Donnington Wood, Oakengates, Wellington og Madeley. Utbygginga av bustadområde fortsette inn i 1990-åra.

Byen er knytt til det britiske motorvegnettverket gjennom M54, opna i 1983, som går inn på M6.

Elektronikkselskapet Ricoh Corp. er ein av dei viktigaste arbeidsgjevarane i byen, og har testlaboratorium og fabrikkar som bygger trykkpresser for den grafiske industrien.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Telford» frå , den 18. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Shropshire Kategori:Busetnader grunnlagde i 1968