Arundel er ein marknadsby i West Sussex i England. Han ligg i området South Downs, ved elva Arun som han har gjeve namn til.

Byen ligg ved ein viktig vadestad i elva Arun. Normannarane bygde Arundel Castle for å forsvare denne strategisk viktige staden. Etterkvart voks det opp ein by sør for slottet. Seinare fekk elva, som opphavleg heitte Tarrant, nytt namn etter byen.

mini|venstre|Arundel

Bydistriktet var eit av dei 178 som vart reformert gjennom Municipal Reform Act 1835. Han vart i 1974 ein del av distriktet Arun, og er eit verdsleg sokn innanfor distriktet.

Arundel ligg nord for hovudvegen A27, medan Arundel stasjon betener Arun Valley Line.

I 2004 fekk Arundel status som Fairtrade Town.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Arundel» frå , den 18. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i West Sussex