Hadrianmuren (), også kjend som Hadrian's Wall, Roman Wall, Picts' Wall og Vallum Hadriani, er eit tidlegare forsvarsverk i den romerske provinsen Britannia som ein byrja bygga i år 122 under keisar Hadrian. Han ligg i Nord-England og strekker seg frå Wallsend ved elva Tyne i aust til Bowness-on-Solway i vest, heile breidda av øya Storbritannia. I tillegg til å ha spela ei militær forsvarsrolle, kan portane i han ha vore brukt som tollpunkt.
mini|Plasseringa av Hadrianmuren og den seinare Antoninske muren i noverande England og Skottland mini|Festningar langsmed og nær muren, inkludert Stanegate-vegen mini|Hadrianmuren
Muren er den største romerske arkeologiske strukturen i Storbritannia, med ei lengd på . Delar av muren er blitt demonterte, og steinen er brukt i seinare byggverk. Men store delar står igjen, og delar av han er bygd opp att i nyare tid. Muren er rekna som eit britisk kulturikon og ein av dei største britiske turistattraksjonane frå oldtida. Han blei utnemnd til verdsarv av UNESCO i 1987. Den nordlegare antoninske muren, som nokre meiner bygde på Hadrianmuren, blei fyrst utropt til verdsarv i 2008."Wall gains World Heritage status" BBC News. Retrieved 8 July 2008.
Hadrianmuren markerte grensa mellom Romersk Britannia i sør og det uerobra Caledonia i nord. Heile muren ligg i England, og han har aldri utgjort grensa mellom England og Skottland.English Heritage. 30 Surprising Facts About Hadrian's Wall Retrieved 18 March 2017.Financial Times. Borders held dear to English and Scots Retrieved 18 March 2017.History.com. Hadrian's Wall. Henta 27. august 2020 Han blir likevel ofte brukt som symbol på eit skilje mellom dei to landa.
English Heritage forvaltar fleire større ruinar og museum langs muren. Delar av han er eigd av National Trust. Ein stor del av muren kan ein følgja til fots langs turruta Hadrian's Wall Path.
Dimensjonar mini|System av festningar og mindre mile-festningar vest for muren Lengda på muren var 80 romerske mil (tilsvarande rundt 1480 meter. Han går tvers over øya Storbritannia, frå Wallsend i aust til Bowness-on-Solway i vest. På vegen kryssar han fjellkjeda Penninane.
Kort tid etter at ein byrja bygga muren, blei tjukkleiken hans redusert frå dei planlagde 10 fot (3 m) til rundt 8 fot (2,4 m), eller endå mindre i nokre terreng. Nokre delar blei fyrst bygde av torv og tømmer, og blei fyrst erstatta av stein fleire tiår seinare.
Mellomalderhistorikaren Beda skreiv at muren var 12 fot (4 meter) høg, og det finst teikn på at han kan ha vore nokre fot høgare då han blei laga.
Rute mini|Hadrianmuren ved Housesteads Crags Muren gjekk vestover frå Segedunum ved Wallsend ved breidda av Tyne, via Carlisle og Kirkandrews-on-Eden, til kysten av Solway Firth, og enda eit kort men ukjent stykke vest for landsbyen Bowness-on-Solway. Vegane A69 og B6318 (Military Road) følgjer løpet til muren frå Newcastle upon Tyne til Carlisle, og så kysten i Cumbria (sørkysten til Solway Firth). Ruta gjekk litt nord for Stanegate, ein romarveg bygd fleire tiår tidlegare mellom to festningar som vakta over viktige elvekryssingspunkt: Corstopitum (Corbridge) ved Tyne og Luguvalium (Carlisle) ved Eden.
Sjølv om ringmuren endar nær Bowness-on-Solway, er ikkje dette enden på forsvarsverka. Det omfattande systemet av festningar kvar mil (milecastle) og vakttårn fortsette langs kysten av Cumbria så langt som til Risehow, som ligg sør for Maryport, for å verna flankane av muren mot invasjon frå havet. Milecastle-konstruksjonane vest for Bowness-on-Solway er kjende som milefortlets.
Historisk bakgrunn I år 79 undertrykte Agricola brigantestammen i Nord-England og selgovaestammen ved sørkysten av Skottland. Han fekk kontroll ved hjelp av overveldande militærmakt., Life of Agricola, kap. 20–21 Han bygde også eit nettverk av militære vegar og festningar for å sikra den romerske okkupasjonen frå rundt år 80.
Etter at Agricola var blitt kalla tilbake frå Britannia i år 84 trekte romarane seg tilbake til ei linje som var lettare å forsvara på eidet mellom Forth og Clyde. Med mindre ønske om å utvida riket i Skottland (og Irland) i år 87, då XX-legionen blei trekt tilbake, bestemte ein seg for vern basert på linja langs Stanegate-vegen (mellom Carlisle og Corbridge). Carlisle var sete for ein centurio regionarius ('distrikstkommissær'). Etter at Stanegate blei den nye grensa forsterka med store festningar som i Vindolanda ved Corbridge og andre festningar med halvdagsmarsjar imellom som blei bygde ved Newbrough, Magnis (Carvoran) og Brampton Old Church ved Brampton.
Det var berre nokre få stader som låg nord for Stanegate-linja, men det ser ikkje ut til å ha vore noko stort nederlag i kampar mot ulike stammar.Shotter (2004), p. 56.
Endringar av Stanegate-linja, med reduksjonar i storleiken på festningane og tillegg av mindre festningar og vakttårn mellom dei, ser ut til å ha funne stad frå midten av 90-talet av.Shotter (2004), p. 58. Bortsett frå Stanegate-linja fanst det andre festningar langs kysten av Solway ved Beckfoot, Maryport, Burrow Walls (nær dagens by Workington) og Moresby (nær Whitehaven). Det blei også reist andre festningar i området for å styrka den romerske makta på staden (Beckfoot kan til dømes stamma frå slutten av det fyrste hundreåret). Det kan ha blitt reist ein festning ved Troutbeck frå perioden då Trajan var keisar (98–117) eller seinare. Andte stader det kan ha blitt skipa festningar i denne tida er mellom anna Ambleside (Galava), som låg gunstig til for å ta imot skipslaster til festningane i Lake District. Herfrå blei det bygd ein veg i den trajanske perioden til Hardknott Roman Fort. Ein veg mellom Ambleside og Old Penrith og/eller Brougham, som går over High Street, kan også stamma frå denne perioden.
Føremål med bygginga mini|Milecastle 39 og den vulkanske Whin Sill. Då Hadrian blei keisar i 117 var det uro og opprør både i Romersk Britannia og blant overvunne folk i dei ulike delane av riket, som i Egypt, Judea, Libya og Mauretania.Anthony Everitt, Hadrian and the Triumph of Rome (2009), Random House, Inc, 448 pages; . Denne uroa kan ha påverka planen hans om å byggja muren. Hadrian bygde også grenseskilje i andre delar av riket, såkalla limes, som Limes Germanicus i dagens Tyskland. Hadrian ende i alle høve føregangaren Trajan sin politikk med å utvida riket, og konsentrerte seg i staden om å verna om dei dåverande grensene. Historia Augusta seier at Hadrian var den fyrste til å byggja ein mur på 80 mil frå hav til hav for skilja barbarane frå romarane. Men dette er ikkje nødvendigvis den einaste grunnen Hadrian hadde til å setja i gang bygginga.
Forskarar er ikkje samde om kor stort trugsmål innbyggjarane nord i Storbritannia i røynda utgjorde for romarane, og om det var nokon økonomisk vinst i å forsvara og oppretta garnisonar langs ei fastlagd linje som muren, heller enn å erobra og leggja under seg områda som i dag er i engelsk Northumberland og dei skotske låglanda og så forsvara territoriet med ei lausare festningsordning.
Restaurerte sandsteinfragment ein har funne i Jarrow som stammar frå år 118 eller 119, fortel at Hadrian hadde eit ønske om å halda riket intakt som han hadde fått via «guddommeleg bod».
I tillegg til å vera eit forsvarsverk som heldt framande folk ute, heldt muren også folk innanfor grensa til den romerske provinsen. Sidan romarane kunne kontrollera kven som passerte inn og ut av riket, spelte muren ei viktig rolle for handel og økonomi. Muren hadde også ei rolle som symbol på romersk makt og ressursar.
Nyare teoriar går ut på at hovudføremålet med muren var som eit fysisk stengsel som kunne saktna røvarraid og andre folk som ville inn i riket for å øydeleggja eller plyndra. Det kan vera at muren ikkje var ei siste forsvarslinje, men heller eit observasjonspunkt som kunne gje romarane informasjon om komande åtak og verka avskrekkande for fiendtlege styrkar og saktna dei slik at romarane kunne tilkalla fleire støttestyrkar. Dette synet får støtte av eit anna forsvarsverk som ofte var å finna på det flate området framfor muren: hol i bakken kjende som cippi som hadde greiner eller små trestammar med spissa greinar (som 'cippi' viser til). Bruken av slike spissa stakar og torner var tydeleg eit middel mot inntrengarar, og kan ha vore det romerske motsvaret på piggtråd. Konstruksjon mini|Knag Burn Gateway Hadrianmuren var truleg blitt planlagd før Hadrian vitja Storbritannia i 122. Hadrian hadde stor tru på å bruka naturlege skilje som elvar til grenser for riket, som Eufrat, Rhinen og Donau, men Storbritannia hadde ikkje slike naturlege skilje mellom den romersk-kontrollerte provinsen og områda der dei opprørske keltiske stammane heldt til i nord, og derfor trengde ein muren.
Konstruksjonarbeidet byrja i 122. Muranlegget omfatta 16 festningar som kvar husa så mange som 600 menn, og låg mellom 5½ og 9½ mile frå kvarandre. Mellom desse var det sett opp totalt 80 bemanna småfestningar, eller milecastle, av stein, som kvart hadde mellom 12 og 20 menn utplasserte. Kvart milecastle låg rundt ei romersk mil frå kvarandre, og vakta ein opning gjennom muren som korresponderte med ein gangveg over grøftene sør og vest for muren. Mellom milecastlea var det òg vakttårn omlag kvar tredels mil, til saman 320. Det blei laga ei grøft framfor muren, men denne følgde ikkje heile strekninga utan avbrot.Guy de la Bédoyère: Hadrian’s Wall, History and Guide. Tempus 1998, ISBN 0-7524-1407-0
Det tok seks år å byggja det meste av Hadrianmuren. Tre romerske legionar tok del – Legio II Augusta, Legio VI Victrix og Legio XX Valeria Victrix, totalt 15 000 soldatar, i tillegg til medlemmar av den romerske flåten. Dei var godt i stand til å byggja muren, som festningar og vegar andre stader, ettersom nokre av soldatane var utdanna landmålarar, ingeniørar, murarar og snikkarar.
Det meste av byggjematerialet måtte ein finna nokre få kilometer unna. Det blei skipa steinbrot på begge sider av mursona som kan identifiserast gjennom inskripsjonar.
Tre femdelar av muren blei opphavleg bygde av stein. Resten av muren, i vest, var av torv, men denne blei seinare bygd opp att i stein.
Etter at konstruksjonen var ferdig, finst det nokre bevis på at Hadrianmuren blei dekka av gips og deretter kvitkalka. Den skinnande overflaten ville ha reflektert sollyset og vore synleg i fleire mil omkring.
«Broad Wall» og «Narrow Wall» Grunnmuren blei laga for ein tjukk mur med ei breidd på rundt 9,5 fot (2,9 m), som ville hatt ein om lag 2 fot (60 cm) tynnare øverdel med ei breidd på rundt 7,5 fot (2,3 m). Planane blei endra i løpet av byggjeperiode om lag 125, kanskje på grunn av ressursmangel, anten under Aulus Platorius Nepos eller den neste guvernøren. Breidda til den austlege halvdelen blei derfor redusert før den endelege konstruksjonen. Steinen som blei til overs frå austdelen blei brukt til å erstatta rundt fem miles (8 kilometer) av torvmuren i vest.
Vallum mini|Vallum ved Downhill Like sør for muren ligg eit vallum, ein grøfteaktig konstruksjon som er ti fot (3 meter) djup og har to parallelle høgdedrag i nord og sør. Vallumet og muren går meir eller mindre parallelt langs nesten heile lengda av muren, bortsett frå mellom festningane i Newcastle og Wallsend ved austenden av muren, der ein kan ha rekna det som unødvendig å ha eit vallum sidan muren låg tett ved elva Tyne. Ein ende av muren låg på nordbreidda av elva. høgre|mini|Del av Hadrianmuren som går mot aust frå Housesteads festning, med Knag Burn Gateway i dalen. Den flat toppen av muren til venstre er eit teikn på moderne vøling.