mini|«The Honest Bookshop» i Hay-on-Wye. mini|Frå Den norske bokbyen i Fjærland. Ein bokby er ein landsby, liten by eller ei bygd der ein har sett bøker i fokus, og då særleg sal av brukte bøker.
Den fyrste bokbyen vart starta av Richard Booth i Hay-on-Wye i Wales. Etterkvart har det vorte bokbyar andre stader også, dei fleste i Europa, men også i andre delar av verda.
I Noreg er det to bokbyar, den fyrste er i Fjærland og heiter «Den norske bokbyen», og den andre er i Tvedestrand og heiter «Bokbyen ved Skagerrak».
Ein del av bokbyane er organisert i the International Organisation of Book Towns.
Bokbyar Dette er ei liste over stader som kallar seg bokbyar. Det er ikkje sikkert at lista er komplett:
Hay-on-Wye i Wales (1961) Redu i Belgia (1984) Becherel i Frankrike (1988) Montolieu i Frankrike (1989) Bredevoort i Nederland (1993) Stillwater i Minnesota i USA (1993) Saint-Pierre-de-Clages i Sveits (1993) Fontenoy-la-Joute i Frankrike (1993) Fjærland i Noreg (1995) Wigtown i Skottland (1997) Waldstadt Wunsdorf i Tyskland (1997) Damme i Belgia (1997) Dalmellington i Skottland (1997) Sysmä i Finland (4. juli 1997) Muehlbeck/Friedersdorf i Tyskland (1997) Kampung Buku Langkawi i Malaysia (1997) Tvedestrand i Noreg (2003) Sidney i British Columbia i Canada Nevada City i California i USA
Bakgrunnsstoff
International Organisation of Book Towns
Kategori:Bøker Kategori:Byar