Chur eller Coire (retoromansk Cuira; italiensk Coira, fransk Coire) er hovudstaden i den sveitsiske kantonen Graubünden og ligg nord i kantonen. Kommunen har innbyggjarar () og eit areal på . Kommunesenteret ligg 593 meter over havet. Byen er hovudsakleg tyskspråkleg (81 %). Mange snakkar i tillegg retoromansk, og byen har eit retoromansk senter (Rätisches Museum). Italiensk vert snakka av ca. 5 %.
mini|venstre|Chur frå det høgaste punktet i kommunen, Fürhörnli
Byen ligg i Alpenrhein-dalen og har ein strategisk posisjon til fleire fjellovergangar, mellom anna til Oberalp-, Bernardino-, Splügen-, Julier- og Albulapasset. Chur ligg på høgresida av elva Plessur, like før han han renn ut av Schanfiggdalen, om lag 1,5 km før ho munnar ut i Rhinen. Han er nesten heilt omgjeven av Alpane, med fjella Mittenberg (aust) og Pizokel (sør).
Chur er den eldste byen og det aller første bispesetet på nordsida av Alpane. Curia vart i 15 f.Kr. hovudstaden i den romerske provinsen Raetia prima. Bispesetet vart første gongen nemnd i 451 e.Kr., men er sannsynlegvis eldre. Chur bispedømme eigde store område både i nærområda til byen, og i Engadin og Vinschgau i Tirol.
Skirennarane Yvonne Rüegg og Daniel Mahrer er frå Chur.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Chur» frå , den 22. juli 2011.
Bakgrunnsstoff City of Chur - Offisiell nettstad (tysk) Turisme (tysk)
Kategori:Byar i Sveits Kategori:Kommunar i Graubünden Kategori:Byar ved Rhinen