Fordingbridge er ein by i grevskapet Hampshire i England. Han har kring 6 000 innbyggjarar og ligg ved elva Avon, nær grensene til Dorset og Wiltshire i utkanten av New Forest. Han ligg 130 km sørvest for London og 16 km sør for Salisbury. Fordingbridge er ein tidlegare marknadsby.
mini|venstre|Brua over Avon.
Fordingbridge vart omtalt i Domesday Book som Forde. Byen fekk det noverande namnet sitt då ei bru vart bygd ved byen i 1286 eller tidlegare.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Fordingbridge» frå , den 22. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Hampshire