mini|Utsyn frå nærleiken av Sünniggrat.
Uri er ein kanton i det sørlege, sentrale Sveits. Kantonen grensar til kantonane Schwyz i nord, Glarus i nordaust, Graubünden i søraust , Ticino i sør, Valais i sørvest, og i vest til Bern, Obwalden og Nidwalden. Uri har eit areal på 1 077 km2 og hadde 36 500 innbyggjarar i 2018. Kantonen er ein av dei tre urkantonane som i 1291 danna det første eidsforbundet. Altdorf er hovudstad i Uri.
Sogefiguren Wilhelm Tell skal ha kome frå Uri. Det historiske landemerket Rütli ligg i denne kantonen.
Geografi Uri ligg i det sentrale Sveits, mellom Vierwaldstättersjøen i nord og Sankt Gotthard-passet i sør. Landskapet er prega av fjell, og rundt 56% av areal er uproduktivt. Om lag 3/4 av innbyggjarane bur i dei lågastliggande delane av kantonen, på Reuss-sletta. Høgste fjellet i Uri, og i Uri-Alpane, er Dammastock på 3 630 moh, medan Vierwaldstättersjøen på 434 moh. er lågaste punktet.
Språk og religion Tysk er embetsspråk i Uri. Den tyske dialekta i Uri høyrer til den høgalemanniske dialektgruppa. Ein innbyggar i kantonen vert kalla for ein «urner».
Eit stort fleirtal, 86 % av innbyggjarane, soknar til den katolske kyrkja. Evangeliske kristne utgjer 6 %.
Næringsliv Dyrkamarka i Uri ligg i dalen langs elva Reuss. På dei nedre fjellsidene er det vide beitemarkar. Skogbruk er ein av dei viktigaste sektorane i landbruket. Vasskraftproduksjonen spelar ei stor rolle. I Altdorf er det kabel- og gummifabrikkar. Turisme er ei viktig inntektskjelde i kantonen. En tettgreina nett av vegar lettar turistferdsla til fjerntliggjande område i fjella.
Kommunar Uri er delt opp i 20 kommunar. Kommunane er Altdorf, Andermatt, Attinghausen, Bauen, Bürglen, Erstfeld, Flüelen, Göschenen, Gurtnellen, Hospental, Isenthal, Realp, Schattdorf, Seedorf, Seelisberg, Silenen, Sisikon, Spiringen, Unterschächen og Wassen. Dei tre kommunane som ligg i Urseren-dalen, Andermatt, Hospental og Realp, dannar ein delvis sjølvstendig korporasjon, kalla Urseren. Resten av kantonen utgjer korporasjonen Uri. Dei to korporasjonene er dei største grunneigarane i sine to respektive område. Korporasjonane har i dag inga politisk eller administrativ makt.
Historie Namnet Uri stammar truleg frå det gamle tyske ordet Aurochs som tyder ‘vill okse’. Det tradisjonelle våpenskjoldet er eit oksehovud.
I 1274 erkjende den mektige Rudolf av Habsburg dei særrettane Uri hevda å ha. Uri var ein av dei tre kantonane som i 1291 underskreiv alliansebrevet (Bundesbrief) som vert rekna som grunnlegginga av føderalstaten Sveits. I 1386 deltok Uri i slaget ved Sempach, der dei austerrikske styrkane vart slegne. Uri sin anneksjon av landområdet Urseren i 1410 kom som ei følgje av slaget.
Regionen stod mot den protestantiske reformasjonen og vart verande katolsk. Under republikken Helvetia var Uri ein del av kantonen Waldstätten. Etter dette, som ein del av meklingsavtalen av 1803, fekk Uri tilbake sjølvstendet sitt. Alle forsøk i retning religiøse eller konstitusjonelle reformer vart avvist. Uri var ein av medlemskantonane i separatistrørsla Sonderbund i 1840-åra. Denne katolske ligaen vart slått av det sveitsiske eidsforbundet sine militære styrkar i 1847, noko som førte til at den føderale grunnlova for Sveits vart vedteken i 1848.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Uri» frå , den 23. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kantonar i Sveits