Totnes er ein marknadsby i grevskapet Devon i England. Han har kring 8 500 innbyggjarar og ligg ved utløpet til elva Dart, om lag 35 km sør for byen Exeter.
Totnes har ei lang historie som går attende til 907, då den første borga her vart bygd. Han var alt ein viktig marknadsby på 1100-talet. At byen ein gong var velståande kan ein sjå på dei mange kjøpmannshusa som vart bygd på 1500- og 1600-talet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Totnes» frå , den 26. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Devon