Lasse Opseth () er ein tidlegare norsk fotballspelar og noverande næringsdrivar (2011). Han er fødd på Nordfjordeid, men oppvaksen og busett i Førde.

Opseth spelte midtspiss på Sogndal i perioden 1980-1983, og 1985-91. Sesongen 1984 spelte han på Lillestrøm Sportsklubb. Fram til og med 1988 var han så å seie årleg toppskårar for Sogndal.

15. juni 1982 spelte Opseth sin einaste landskamp, då Noreg vann 2-1 over Danmark i ein kamp på Ullevål stadion. Han kom på bana midtvegs i 2. omgang, som innbytar for Gabriel Høyland.

I 1994 vart Opseth administrerande direktør for Førde Sementvarefabrikk i Førde.

Spelarkarriere

KlubbKamparMålPeriode Førde??-1979 Sogndal??1980-1983 Lillestrøm??1984 Sogndal??1985-1991

Kjelder www.nrk.no om Lasse Opseth Sportsboken, aktuelle årgangar

Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Sogndal-spelarar Kategori:Lillestrøm-spelarar Kategori:Folk frå Førde