Sverre Wilberg () var ein norsk skodespelar som er mest kjend frå rolla si som kriminalinspektør Hermansen i Olsenbanden-filmane. Han var ein stor del av karrieren sin tilsett ved Det norske teatret.

Teater Wilberg vart utdanna ved det kongelege akademiet for drama Royal Academy of Dramatic Art i London mellom 1953 og 1955, og var tilsett ved Trøndelag Teater frå 1955 til 1958. Deretter hadde han oppgåver ved Folketeatret, Chat Noir, Oslo Nye Teater og Fjernsynsteatret. Frå 1971 var han ved Det norske teatret, der han spelte i fleire komediar som blant anna Pære i Ein midtsommernattsdrøm og som Amor i Geir Sveaas si oppsetning av Holberg sin Ulysses von Itachia. Han har òg spelt i realistiske stykke som blant anna direktøren i Stiftelsen av Antonio Buero Vallejo, fleire Brecht-karakterar, samt klassikaroppgåver som Kreon i Evripides sin Medea. På 1980-talet gjorde han seg merka som Gud i Goethe sin Faust og som Claudius i Hamlet.

Wilberg virka 42 år i norsk teaterliv, og dei siste 25 åra var han knytt til Det Norske Teatret der han spelte meir enn 100 ulike roller

Film og TV Wilberg filmdebuterte i 1959 i 5 loddrett, og har ved sidan av rolla som Hermansen i 12 Olsenbanden-filmar, spelt i Smuglere (1968), Skulle det dukke opp flere lik, er det bare å ringe (1970) og Kamilla og tyven (1988). Han hadde den siste filmrolla si i Markus og Diana frå 1996. På TV har han blant anna vore å sjå i eit par gjesterolle i komiserien Mot i brøstet. Han var òg med i episoden Vinterferie av komiserien Fleksnes fataliteter. Episoden har likevel aldri vorte vist på TV, men er tilgjengeleg på DVD. Mot i brøstet-episoden I Søtaste Laget som Sverre Wilberg spelte doktor i, har seinare vorte tileigna han.

Filmografi (film og TV) År Film Rolle 1996 Markus og Diana Kelner 1996 Mot i brøstet (TV-serie) Doktor 1988 Kamilla og tyven Kelner 1984 ... men Olsenbanden var ikke død! Hermansen 1982 Olsenbandens aller siste kupp Hermansen 1981 Olsen-bandens flugt over plankeværket Nordmenn 1981 Olsenbanden gir seg aldri Hermansen 1979 Olsenbanden og Dynamitt-Harry mot nye høyder Hermansen 1978 Olsenbanden + Data-Harry sprenger verdensbanken Hermansen 1977 Olsenbanden og Dynamitt-Harry på sporet Hermansen 1976 Bør Børson II Ivar Zolen 1975 Olsenbandens siste bedrifter Hermansen 1975 Min Marion Fotografen 1974 Olsenbanden møter Kongen & Knekten Hermansen 1974 Bør Børson Jr. Ivar Zolen 1973 To fluer i ett smekk Streken 1973 Olsenbanden og Dynamitt-Harry går amok Hermansen 1972 Når villdyret våkner Colonel 1970 Olsenbanden og Dynamitt-Harry Hermansen 1970 Skulle det dukke opp flere lik, er det bare å ringe … Politibetjent 1969 Operasjon Egon Hermansen 1968 De ukjentes marked 1968 Bare et liv - historien om Fridtjof Nansen 1968 Smuglere 1968 Sus og dus på by'n Bilhandleren 1968 Mannen som ikke kunne le 1967 Martha Skipsreder Amundsen 1966 Før frostnettene 1964 Klokker i måneskinn 1963 Vildanden Lakei 1959 5 loddrett Hovmester

Andre roller Han har òg ei rolle i høyrespelet God aften, mitt navn er Cox: Den lille heksen.

Bakgrunnsstoff

Dagbladet: Sverre Wilberg er død

Kategori:Folk frå Fredrikstad Kategori:Norske skodespelarar