«Heimdal» var eit kommandofartøy i den norske marinen. Det vart bygd i 1892. 7. juni 1905 førte «Heimdal» den nye kongen av Noreg, Haakon VII, og resten av den norske kongefamilien, inn til Kristiania. I 1926 vart skipet disponert av Roald Amundsen under nordpolekspedisjonen med luftskipet «Norge».

I juni 1940 kom «Heimdal» til Shetland. Under krigen vart de brukt til depotskip i Storbritannia. «Heimdal» vart seld som lasteskip i 1946. Det fekk då namnet «Rovena». Skipet var lasta med sild då det forliste og sank utanfor Island i 1947.

Kjelder Sverre Mo: Norske marinefartøy. Bodoni forlag. Bergen 2008

Heimdal Kategori:Konge- og presidentskip Kategori:Forlis i Atlanterhavet Kategori:Norske skip frå andre verdskrigen Kategori:Norske dampskip Kategori:Norske handelsskip Kategori:Forlis i 1947