Finn Andreas «Mustangen» Westbye () var ein norsk jazzmusikar, son av musikar Sigurd O. Westbye og kjent frå ei rekkje innspelingar og skandinaviske samarbeid.

Den initielt banjo-spelande Westby spelte tidleg med Cirkus Verdensteater, før han vart med som fiolinist i eit tidleg jazzband (1924). Seinare spelte han gitar i Kabaorkesteret leia av Willie Vieth, i Funny Boys (1933-39), Freddy Valier og Robert Normann's eigen kvartett String Swing (1938-39). Westbye trakterte tidvis òg saksofon i orkester leia av Øyvind Bergh (Bristol-orkestret 1939-43), Cecil Aagaard og Gunnar Sønstevold, i sitt eige orkester, og dessutan i Sy-We-La. I den seinare tida spelte han òg i Oddvar Nygaards kvartett og Per Borthen og Per Nyhaug's orkester, gjorde innspelingar med Karin Krog, og figurerte på fjernsyn utover 1980-talet.

Han var tilsett i Schlagerforlaget.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Finn Westbye» frå , den 13. august 2011.

Bakgrunnsstoff Biografi frå Norsk Musikkinformasjon

Kategori:Norske jazzgitaristar Kategori:Norske jazzsaksofonistar Kategori:Norske jazzfiolinistar Kategori:Musikarar frå Oslo