Ragnar Leif Ulstein () var ein norsk journalist og forfattar. Han tok eksamen artium i Volda i 1940. Under andre verdskrigen, i juni 1941, reiste han til Shetland i ein fiskebåt saman med 16 andre. Han var ein av dei første som kom med i Kompani Linge, tok befalsutdanning, og vart telegrafist. I desember 1941 var han med under landgangen i Reine i Lofoten. På slutten av krigen var han i Noreg som instruktør for Milorgstyrkane i Sogn og Fjordane.

Etter krigen var Ulstein velferdsoffiser i Tysklandsbrigaden. Han var medforfattar til soga om Kompani Linge. Han var redaktør for Filmavisen. Seinare har han vore journalist i Bergens Tidende og i Sunnmørsposten.

Ragnar Ulstein skreiv fleire arbeidskrevjande bøker om tilhøva under krigen, mellom dei Englandsfarten, Svensketrafikken og Etterretningstjenesten i Norge 1940–1945. Han skreiv òg romanar med innhald frå verdskrigen.

Ulstein arbeidde òg for å forbetre kåra til krigsinvalide.

Prisar og utmerkingar I 1972 vart Ragnar Ulstein utnemnd til Statsstipendiat Kongens fortjenstmedalje i gull Deltagermedaljen St. Olavsmedaljen med to eikegreiner Military Medal Haakon VIIs 70-årsmedalje Melsom-prisen Sunnmørsprisen Ålesunds kunstnerpris

Bibliografi 1948: Kompani Linge I og II (saman med Erling Jensen og Per Ratvik) 1961: Harpegjengen (roman) 1964: Parade (roman) 1965-1967|67: Englandsfarten 1965 : Englandsfarten: I: Alarm i Ålesund 1967: Englandsfarten: II: Søkelys mot Bergen 1970: Samarbeid om samferdsel: Møre og Romsdal fylkesbåtar 1920-1970 1973: Pionertid: A/S Olivin 1948-1973 1974-1977|77: Svensketrafikken 1974: Svensketrafikken: I; Flyktningar til Sverige 1940-43 1975: Svensketrafikken: II; Flyktingar til Sverige 1943-45 1977: Svensketrafikken: III; Flyktngar frå Trøndelag og Nord-Norge 1980: Småsamfunn i storkrig: Historia om Giske 1940-1945 1982: By og land i 100 år: Sunnmørsposten 1882-1982 1989-1992|92: Etterretningstjenesten i Norge 1940-45 1989: Etterretningstjenesten i Norge 1940-45: amatørenes år 1990: Etterretningstjenesten i Norge 1940-45: Harde år 1992: Etterretningstjenesten i Norge 1940-45: Nettet strammes 1995: Jødar på flukt 1999: Lagunen og stormen: Ulstein, bygd i Europa 1940-45

Kjelder Kjartan Rødland. «Ragnar Ulstein» i: Norsk biografisk leksikon Bibliografien og utnemningar frå Wikipedia på bokmål (14. august 2011)

Kategori:Folk frå Ulstein Kategori:Medlemmar av Kompani Linge Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske journalistar Kategori:St. Olavsmedaljen med eikegrein Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:Vinnarar av Melsom-prisen