Mispelslekta er ei planteslekt med drygt 260 artar. Somme mispelartar er vintergrøne medan andre fell lauva om hausten. Mispel er busker sjølv om dei legg seg som matter mot marka. Andre artar veks som meir eller mindre høge busker eller dei tek form10-12 cm. Dei kan vere blanke eller matte, dunhåra eller glatte, og dei sit strødd langs greinene. Blomstrane sit einslege eller i klasar og har fem kronblad som enten står rett opp eller ligg utover. Fruktene er bær med kjøtaktig innhald, fargane i ulike nyansar av raudt, rosa, oransje, burgunder eller svart.

mini|venstre|Cotoneaster acuminatus med raude bær.

Det latinske namnet Cotoneaster vart først brukt av Conrad Gesner kring 1577. Namnet kjem frå det greske ordet kydonion, som tyder kvede, og aster, som tyder vill. Alle artane er apomiktiske; dvs dei formeirer seg kjønnslaust.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Oxbärssläktet» frå , den 20. august 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Hageplantar Kategori:Rosefamilien Kategori:Hekkplantar